"Viss prosessorientert skriving og arbeid i grupper og lag nokon gong har gitt meining og framifrå resultat, må det vera her."
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad
Terje Torkildsen
(f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. Torkildsen er utdanna norsklektor, men arbeider i dag som komikar, skodespelar og kulturprodusent, og er kanskje mest kjend som prinsippfast drosjesjåfør i filmen Mongoland frå 2001. Den litterære debuten, Marki Marco (2008), utvikla Torkildsen i samarbeid med 10. trinnet på St. Svithun skole i Stavanger. For boka blei Torkildsen tildelt Uprisen, etter å ha blitt stemt fram av 220 niendeklassingar over heile landet. Høsten 2009 kom Dystopia I – den første boka i serien DYSTOPIA2014. Som Marki Marco er også desse bøkene skreddarsydd for utolmodige tenåringar. Torkildsen vann Uprisen for andre gong for Dystopia III i 2012. Torkildsen bur i Stavanger.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO