Noregs musikkhøgskole: femti år med notar, unotar og fotnotar

Alfred Fidjestøl |
Innbunden | Sidetal: 413 | ISBN: 9788234009891

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price449 kr
Hausten 1973 opna Noregs musikkhøgskole, i enkle og provisoriske lokale basert på det gamle Musikkonservatoriet i Oslo. I 2023 har denne høgskulen arbeidd seg fram til å bli ein av dei leiande musikkutdanningsinstitusjonane i verda.
Dette er historia om korleis musikkhøgskulen i 50 år har bauta seg fram, i skiftande kultur- og utdanningspolitiske klima. Det handlar om sterke viljar, engasjerte personlegdomar og kontroversielle tilsetjingar. Det handlar om kampen for eige bygg og om nye sjangrar og fagfelt som pressar seg inn i den klassiske institusjonen, frå folkemusikk til musikkterapi. Og det handlar om arbeidet for å etablere vitskapleg forsking og kunstnarlege utviklingsprogram, om akademisk prestisje og retten til å tildele doktorgradar - om notar, unotar og fotnotar i norsk musikkhistorie.

Sitat frå melding

Bla-i-boka

Alfred Fidjestøl

Du likar kanskje desse

Sist sett på