Lam er offiser i ein invasjonsstyrke. Jobben hans er å reinske ut siste rest av motstand i det invaderte landet. Krigens råskap gjer han stadig meir desillusjonert, og i opprør mot det moralske forfallet som omgjev han, gjer han seg skuldig i eit alvorleg brotsverk. Som straff blir han og mennene hans sendt ut på eit livsfarleg oppdrag djupt inne bak fiendens liner. Målet for oppdraget er opprørspoeten Livius, som spreier propaganda og gir folket ny kampvilje. Når ein ung gut kryssar vegen til soldatane, tek historia ei ny vending, og Lam får igjen ei sak å kjempe for.
Livius er ein roman om fedrar og søner, om idealisme og desillusjon, om å gå seg vill, og om kampen for å finne meining i ei verd der all meining synest å ha gått tapt.
Meldingar
"Kaasa knyt handlingstrådane saman til ei stram forteljing, som også – i motsetnad til i mange spenningsbøker – står open for ettertanke."
Eivind Myklebust , Klassekampen
"[...] ein drivande god roman som i botnen handlar om kva krig gjer med menneska som deltek, om idealisme, om å bli desillusjonert, og om å finne meining i livet der nesten alle kjennemerka til eit sivilisert samfunn har gått tapt.[...] Språkleg er Kaasa suveren. Han skriv relativt enkelt, men klangfylt nynorsk som høver som hand i hanske til innhaldet. Dessutan gleder han lesaren med flotte, litterære bilde."
Bjarne Tveiten , Fædrelandsvennen
"Det er brutalt og skremmende, og et godt driv i fortellingen."
Stian Johansen , Varden
"Livius er rett og slett en genuint medrivende roman der ingenting er avgjort før siste side."
Olaf Haagensen, Morgenbladet
"Livius er ein spennande krigsroman. Han er spennande om kva som driv to menn med verder mellom seg, mot og til kvarandre. Han er skakande ved å syna koss krigen bryt ned dei som deltar. Livius er også ein imponerande romankonstruksjon, konkret, sanseleg, rik på metaforar. Det er ei bok vi behøver."
Jan Askelund , Stavanger Aftenblad
Bla-i-boka
Erlend Kaasa
Erlend Kaasa (f. 1976) kjem frå Vinje i Telemark. Han debuterte med Thunder Road i 2009, i 2015 kom Livius. Kaasa har hovudfag i medievitskap frå Universitetet i Bergen. Han er busett i Arna i Bergen og arbeider som lærar. Men ikkje Maria er den tredje romanen hans.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO