Ragnvald Skrede (1904-1983) debuterte i 1949 med diktsamlinga Det du ikkje veit, og gav i alt ut 12 diktsamlingar. Han redigerte også fleire novelleantologiar og gjendikta alle Shakespeares sonettar. Frå 1948 til 1966 var Skrede ein markant litteraturkritikar, først i Verdens Gang, så i Dagbladet. Skrede nytta så vel klassiske og regelfaste strofeformer som frie vers. Mange av dikta er prega av eit stort etisk alvor og ei humanistisk grunnhaldning.