Jon Fosse
Jon Fosse (english bio)
Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I snart førti år har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyrikk, kortprosa, essay og barnebøker. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har fått ei rekkje prisar både i inn- og utland.
Jon Fosse voks opp på eit småbruk i Strandebarm i Hardanger. Han gjekk på gymnas i Øystese og studerte ved Universitetet i Bergen. Fosse er cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap. Han har heile sitt vaksne liv hovudsakleg vore forfattar på fulltid, men har òg arbeidd som journalist, lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og som litterær konsulent. I dag er Fosse busett i Oslo. I 2011 vart han tildelt statens æresbustad Grotten, som ligg i Slottsparken. Fosse bur også dels i Hainburg an der Donau i Austerrike og på Frekhaug ved Bergen.
Fosse debuterte som forfattar med romanen Raudt, svart i 1983, men han ser sjølv på novella «Han» i avisa Studvest frå 1981 som sin eigentlege litterære debut. Allereie i den novella finst mykje av det som karakteriserer Fosses tekstar: repetisjonar, indre monologar, ein suggererande og musikalsk skrivestil. I 80-åra gav Fosse ut prosa, dikt og barnebøker, men det store gjennombrotet som forfattar kom med romanen Naustet frå 1989.
Etter at Fosse hadde etablert seg som romanforfattar, poet, essayist og barnebokforfattar, vart han også dramatikar. Fosse uttrykte skepsis til teateret, men skreiv likevel dramatikk for fyrste gong i 1992. Han har seinare skildra det som den største openberringa i sitt forfattarliv. Det aller fyrste stykket Fosse skreiv, var Nokon kjem til å kome, men Og aldri skal vi skiljast er det fyrste Fosse-stykket som vart spelt på ei scene. Det skjedde på Den Nationale Scene i Bergen i 1994.
Fosse skreiv dramatikk i eit rasande tempo på denne tida og fekk raskt innpass på dei viktige norske scenene. Etter berre få år vart også dramatikken hans sett opp i utlandet. Det verkelege internasjonale gjennombrotet kom i 1999. Den franske regissøren Claude Régy sette opp Nokon kjem til å kome i Nanterre utanføre Paris. Året etter spelte det anerkjende Berlin-teateret Schaubühne Namnet på Festspela i Salzburg. Dei to oppsetjingane var med på å bana vegen for dramatikken til Fosse internasjonalt.
Fosse har skrive over 30 teaterstykke, til dømes Namnet, Vinter, Ein sommars dag, Draum om hausten, Dødsvariasjonar, Svevn og Eg er vinden. I dag er teaterstykka til Jon Fosse spelte over heile verda.
Fosse er internasjonalt mest kjend som dramatikar, men han har han heile tida skrive litteratur i andre sjangrar av uvanleg høg kvalitet, slik som romanane Melancholia I og II om målaren Lars Hertervig; Morgon og kveld, der Fosse skriv om den dagen Johannes vert fødd og døyr; og Trilogien, som er sett saman av dei tre delane Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd. Trilogien er ei vakker og urovekkjande forteljing om spelemannen Asle og kjærasten Alida. I 2015 fekk Fosse Nordisk råds litteraturpris for dette verket.
Det aller mest omfattande prosaverket Jon Fosse har skrive til no, er Septologien (2019–21). Dette verket kom til etter at Fosse tok pause frå dramatikken, men også etter at forfattaren konverterte til katolisismen i 2013. Fosse kallar skrivemåten i verket «langsam prosa». Det er prosa med transportetappar, skildringar og refleksjonar, sjølve negasjonen til det raske dramaet. Verket er omsett til over 20 språk og har hausta glitrande kritikkar både innanlands og utanlands.
For Septologien har Jon Fosse fått ei rekkje prisar. Mellom anna Brageprisen og Kritikarprisen. Han har også kome på kortlista til den internasjonale Bookerprisen og amerikanske National Book Award.
Dessutan er dramatikkpausen over, Fosse skriv på nytt for teater. Frå 2020 har det vore urpremiere på tre nye teaterstykke. Det heilaftens teaterstykket Einkvan har urpremiere 25. april 2024 på Det Norske Teatret.
Våren 2023 kom forteljinga Kvitleik, ein lysande roman om grensa mellom liv og død. I 2023 hadde Fosse også eit jubileum som forfattar. Det var 40 år sidan han debuterte med romanen Raudt, svart. Den til no siste prosaboka frå forfattaren er Vaim (2025), den første boka i ein ny trilogi og eit nytt litterær univers frå Jon Fosse.
Jon Fosse vart i 2023 tildelt Nobelprisen i litteratur.
Fleire bilete:
Foto: Helge Skodvin
Foto: Agnete Brun
Litterære prisar
- NOBELPRISEN I LITTERATUR 2023
- KRITIKARPRISEN 2021
- BRAGEPRISEN 2021
Vis alle prisaneVis færre prisar
NOBELPRISEN I LITTERATUR 2023
KRITIKARPRISEN 2021
For Septologien VI–VII, Eit nytt namn
BRAGEPRISEN 2021
For Septologien VI–VII, Eit nytt namn
DEN INTERNASJONALE IBSENPRISEN 2021
For Slik var det
NYNORSK LITTERATURPRIS 2019
For Septologien I–II, Det andre namnet
ÆRESPROFESSOR VED SHANGHAI THEATRE ACADEMY 2019
ÆRESDOKTOR 2015
Ved Universitetet i Bergen
NORDISK RÅDS LITTERATURPRIS 2015
For Trilogien
TILDELT STATENS ÆRESBUSTAD GROTTEN
DEN INTERNASJONALE IBSENPRISEN
Den internasjonale Ibsenprisen 2010.
MEDALJE TILDELT AV BENEDIKT XVI
For deltaking i Møte med kunstnarar i Det sixtinske kapell den 21. november 2009.
BERGEN KOMMUNE SIN KUNSTNARPRIS
Bergen kommune sin kunstnarpris for 2009.
DEUTSCHER JUGENDLITERATURPREIS
Deutscher Jugendliteraturpreis 2007 for Schwester (Søster).
SVENSKA AKADEMIENS NORDISKA PRIS
Svenska Akademiens nordiska pris for 2007.
ÆRESMEDLEM I NORSKE DRAMATIKERES FORBUND
Æresmedlem i Norske Dramatikeres Forbund 2006.
ANDERS JAHRES KULTURPRIS
Anders Jahres kulturpris for 2006.
BRAGES HEIDERSPRIS
Brages heiderspris for 2005.
KOMMANDØR AV ST. OLAVS ORDEN
Kommandør av St. Olavs Orden 2005.
PREMIO UBU
Premio UBU for beste utanlandske stykke 2004 i Italia.
HEDDAPRISEN (HEDDAS ÆRESPRIS)
Heddaprisen (Heddas ærespris) for 2003.
NORSK KULTURRÅDS ÆRESPRIS
Norsk kulturråds ærespris 2003.
NYNORSK LITTERATURPRIS
For Auge i vind.
RIDDER AV DEN NASJONALE FORTJENSTORDEN
Ridder av Den nasjonale fortjenstorden (Frankrike) 2003.
BESTE UTANLANDSKE FORFATTAR, THEATER HEUTE
Beste utanlandske forfattar, Theater heute 2002.
SKANDINAVISK NATIONALTEATERPRIS
For Dødsvariasjonar.
MELSOM-PRISEN
For Morgon og kveld.
HEIDERSMEDLEM I DET NORSKE SAMLAGET
Heidersmedlem i Det Norske Samlaget 2000.
KULTUR- OG KYRKJEDEPARTEMENTET SIN LITTERATURPRIS FOR BARNE- OG UNDOMSLITTERATUR
For Søster.
NESTROY-PRISEN
Nestroy-prisen for 2000.
NORDISK TEATERUNION SIN DRAMATIKARPRIS
For Ein sommars dag.
DOBLOUGPRISEN
Doblougprisen 1999.
GYLDENDALPRISEN
Gyldendalprisen 1999.
ÆRESMEDLEM AV NORSK SKUESPILLERFORBUND
Æresmedlem av Norsk Skuespillerforbund 1998.
ASCHEHOUGPRISEN
Aschehougprisen for 1997.
IBSENPRISEN
For Namnet.
MELSOM-PRISEN
For Melancholia I.
SUNNMØRSPRISEN
For Melancholia I.
SAMLAGSPRISEN
Samlagsprisen for 1994.
ALFRED ANDERSSON-RYSSTS FOND
Alfred Andersson-Ryssts fond for 1992.
NYNORSK BARNEBOKPRIS
Nynorsk barnebokpris 1993.
NYNORSK LITTERATURPRIS
For Bly og vatn.
NYNORSK BARNELITTERATURPRIS
For Uendeleg seint (saman med illustratøren Alf-Kaare Berg).
Vått og svart
I 2013 konverterte Jon Fosse til katolisismen. Fosse melde seg i protest ut av Den norske statskyrkja som 16-åring, men fann seinare attende til ei religiøs livsforståing gjennom
Les meir …
Mysteriet i trua: ein samtale mellom Jon Fosse og Eskil Skjeldal
Då Jon Fosse 2011 flytte inn i Grotten hadde han ikkje lese meir av Henrik Wergeland enn litteraturintesserte nordmenn flest. Han gjekk i gang med å lesa meir
Les meir …
Poesiar: etter Henrik Wergeland : dikt
Melancholia I-II er eit hovudverk i nyare norsk og europeisk litteratur og handlar om kunstnaren Lars Hertervig (1830-1902), målaren av lyset. Vi følgjer han ein haustdag i Düsseldorf
Les meir …
Melancholia I-II: roman
I løpet av nokre sommardagar utspelar det seg eit trekantdrama mellom eg-personen, barndomskameraten Knut'en og kona til Knut'en. Knut'en bur i byen, men er kommen heim til bygda
Les meir …
Naustet: roman
Kant
Naustet
Naustet: roman
Melancholia
5. oktober 2023 vart Jon Fosse tildelt Nobels litteraturpris. Då var det nesten hundre år sidan sist ein norsk forfattar fekk den gjæve prisen. Dette er nobelforedraget Fosse
Les meir …
Nobelforedraget
Raudt, svart er Jon Fosses debutroman frå våren 1983. Det handlar om ein gymnasiast i ei vestlandsbygd. Han bur på hybel, spelar gitar, skulkar og gjer opprør mot
Les meir …
Raudt, svart: roman
Morgon og kveld er ein uvanleg vakker roman om sjølve grunnvilkåra her i livet.Eit barn, som skal heite Johannes og bli fiskar, blir fødd. Ein gammal mann, som
Les meir …
Morgon og kveld: roman
I prosa frå ein oppvekst teiknar Jon Fosse eit bilete av Strandebarm og landskapet han kjem frå, med fjord og fjell, småbruk og sauer, bedehus og ungdomshus. Fosse
Les meir …
Prosa frå ein oppvekst
Denne boka inneheld forteljingane «Og så kan hunden komme» og «Lines hår». Ein mann vil ta livet av ein sambygding etter han har drepe hunden hans. Han finn
Les meir …
To forteljingar
I den mørke skogen. Ein mann køyrer av garde utan å vita kvar han skal. Han vekslar mellom å ta til høgre og til venstre og kjem til
Les meir …
Kvitleik
Nytt skodespel frå nobelprisvinnaren. Skremmande einsemd. Ein ung mann møter ein annan ung mann som liknar mykje på han sjølv, begge er dei biletkunstnarar. Ein eldre mann møter
Les meir …
Einkvan
Med denne jubileumsboka blir heile Jon Fosses diktforfattarskap presentert, saman med tidlegare upubliserte dikt. Jon Fosse er den mest spelte europeiske dramatikaren i si samtid, og er også
Les meir …
Dikt i samling
Signe ser tilbake på seg sjølv som ung kvinne. Ho elska Asle, han som drog ut på sjøen og aldri vende tilbake. Sidan er ingenting endra, men likevel
Les meir …
Det er Ales
Andre bok i «Septologien» Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur
Les meir …
Eg er ein annan: roman
I den mørke skogen. Ein mann køyrer av garde utan å vita kvar han skal. Han vekslar mellom å ta til høgre og til venstre og kjem til
Les meir …
Kvitleik: forteljing
Melancholia I-II er eit hovudverk i nyare norsk og europeisk litteratur og handlar om kunstnaren Lars Hertervig (1830-1902), målaren av lyset. Vi følgjer han ein haustdag i Düsseldorf
Les meir …
Melancholia 2: roman
I løpet av nokre sommardagar utspelar det seg eit trekantdrama mellom eg-personen, barndomskameraten Knut'en og kona til Knut'en. Knut'en bur i byen, men er kommen heim til bygda
Les meir …
Naustet
Signe ser tilbake på seg sjølv som ung kvinne. Ho elska Asle, han som drog ut på sjøen og aldri vende tilbake. Sidan er ingen ting endra, men
Les meir …
Det er Ales
Liv er 20 år og bur i ei toromsleilegheit med sin eittårige son. Ho skal berre kaste boset, men døra smekkar att bak henne, og inne i leilegheita
Les meir …
Stengd gitar: roman
Namnet : drama
igjen syng den vesle guten:høyrer du hjarta mitt kommeså la det gå igjen:la berre regnet regnela berre sola sjåla berre vinden blæse la berre hjarta mitt slå(Hundens bevegelsar)"Når
Les meir …
Dikt 1986-2000
Ein journalist går av flybussen og ser ei herja ungjente falle over ende. Skal han hjelpe henne eller ikkje? Snart er den rusa jenta installert på hotellrommet hans.
Les meir …
Bly og vatn
Ein einsam, plaga mann vandrar rundt i ein storby. Han nærmar seg folk, men glir frå dei, vekslar mellom å heite Bjørn, Fredrik og Atle, mellom å vere
Les meir …
Flaskesamlaren
Raudt, svart er Jon Fosses debutroman frå våren 1983. Det handlar om ein gymnasiast i ei vestlandsbygd. Han bur på hybel, spelar gitar, skulkar og gjer opprør mot
Les meir …
Raudt, svart
Denne boka inneheld forteljingane «Og så kan hunden komme» og «Lines hår». Ein mann vil ta livet av ein sambygding etter han har drepe hunden hans. Han finn
Les meir …
To forteljingar
Det siste tiåret har Jon Fosse skrive nokre få kortare prosatekstar, prenta ulike stader. I Levande stein blir desse tekstane samla i ei bok, saman med hymna «Heilt
Les meir …
Levande stein: kortare prosa og ei hymne
I denne boka er fablane Nei å nei, Du å du og Fy å fy samla. Nei å nei handlar om hunden Websterr, som drøymer om å hjelpe
Les meir …
Hundemanuskripta: fablar
Rik kjelde til å bli kjend med FosseJon Fosse er dramatikar, prosaist og poet, men han har òg gjeve ut to essaysamlingar. I 1989 kom Frå telling via
Les meir …
Essay
Borte i bølgjeneEg er vinden handlar om to menneske i ein seglbåt. I samtalen mellom dei vert ein båttur skildra der Den eine truleg tek livet av seg
Les meir …
Eg er vinden
Møte på ein benkEi kvinne og ein mann møtest tilfeldig i ein park. Dei set seg på same benken. Ho er lettkledd, medfaren og rusa. Han er ein
Les meir …
Vinter: skodespel
I 2013 konverterte Jon Fosse til katolisismen. Fosse melde seg i protest ut av Den norske statskyrkja som 16-åring, men fann seinare attende til ei religiøs livsforståing gjennom
Les meir …
Mysteriet i trua: ein samtale mellom Jon Fosse og Eskil Skjeldal
Prosa
Redaktøren i Vaim Vekeblad satsar stort på illustrerte minneord. Det skjer lite i Vaim, og det er ikkje enkelt å få dei levande vaimingane i tale.Vaim Vekeblad er tredje
Les meir …
Vaim Vekeblad
Ein mann legg seg inn på Vaim Hotell der vertinna Brita styrer på myndig vis. Kva er det med dette hotellet ved fjorden? Fiskesett, skulderveske, lommebok, bilnyklar, alt forsvinn, og noko dukkar opp
Les meir …
Vaim Hotell: roman
To vener går kvar sin veg. Den eine har flytta eller gått bort, den andre sit igjen og minnes. Handlinga speler seg ut i ein tenkt båt, og
Les meir …
Eg er vinden
Nominert til Kritikarprisen 2025!men eg kan vel ikkje be Eline koma om bord ibåten no nattes tid, gift kone ho er og altKan eg få koma om bord
Les meir …
Vaim: roman
Trilogien er Jon Fosses kritikarroste og lysande kjærleikstrilogi om Asle og Alida. Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd er til saman eit meisterverk om to elskande som prøver å
Les meir …
Trilogien
Melancholia I-II er eit hovudverk i nyare norsk og europeisk litteratur og handlar om kunstnaren Lars Hertervig (1830-1902), målaren av lyset. Vi følgjer han ein haustdag i Düsseldorf
Les meir …
Melancholia I-II: roman
Fosses storverk «Septologien» kom ut i tre bøker i 2019, 2020 og 2021. Bøkene hausta glitrande kritikkar, fekk Bragepris og Kritikarpris og vart to gonger nominerte til den
Les meir …
Septologien: roman
Morgon og kveld er ein uvanleg vakker roman om sjølve grunnvilkåra her i livet.Eit barn, som skal heite Johannes og bli fiskar, blir fødd. Ein gammal mann, som
Les meir …
Morgon og kveld: roman
Ein mann legg seg inn på Vaim Hotell der vertinna Brita styrer på myndig vis. Kva er det med dette hotellet ved fjorden? Fiskesett, skulderveske, lommebok, bilnyklar, alt forsvinn, og noko dukkar opp
Les meir …
Vaim Hotell: roman
Ein mann legg seg inn på Vaim Hotell der vertinna Brita styrer på myndig vis. Kva er det med dette hotellet ved fjorden? Fiskesett, skulderveske, lommebok, bilnyklar, alt forsvinn, og noko dukkar opp
Les meir …
Vaim Hotell: roman
I 1997 skreiv Jon Fosse eit spelefilmmanus. Manuset, som den gong hadde tittelen Bad Moon Rising, har no blitt til filmen Kjærast regissert av Erik Poppe.Det handlar om
Les meir …






