Eg er ein annan: roman

Skjønnlitteratur

Eg er ein annan: roman

««Enestående bra [...] Jon Fosse skriver litteratur som absolutt ingen andre»»
— Sindre Hovdenakk, VG
Andre bok i «Septologien» Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet. Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han venen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og vert lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for venen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snødekte vegar. I andre bandet av «Septologien» får vi glimt inn i den unge Asles liv. Det er famlande kyss, røyking og drikking, band og slåstkampar, ei masande mor og ein tolig far, hybel- og gymnasliv. Galleristen Beyer oppdagar den unge målaren då han stiller ut i heimbygda på Ungdomshuset. I gymnastida møter dei to Aslane kvarandre for fyrste gong, begge byrjar på Kunstskulen i Bjørgvin. I Bjørgvin møter Asle kjærleiken i Ales. «Septologien» er Jon Fosses storverk i sju delar. Fyrste boka, Det andre namnet, kom ut i 2019 og vart seld til 14 land, vart nominert til den internasjonale Booker-prisen og hausta glitrande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt. Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland. Nominasjonar og prisar til Septologien: Det andre namnet: Langlista til Dublin Literary Award 2020 Langlista til The International Booker Prize 2020 Nominert til Kritikarprisen 2019 Nominert til Brageprisen 2019 Nominert til Stadsteaterns Internationella pris Nynorsk litteraturpris 2019 Eg er ein annan: Langlista til Dublin Literary Award 2021 Nominert til Kritikarprisen 2020 Eit nytt namn: Langlista til Dublin Literary Award 2022 Kortlista til Th
249,00 kr
Sider
405
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234002205
Meldingar

Sagt om boka

9 omtaler

««Heile det uharmoniske livet til Asle er skrive fram i vidunderlig kunstnarleg symmetri, der t.d. dei tre delane begynner og sluttar med dei same orda og bønene, i repetisjonar og maningar»»

— Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

««Syngende vakkert. Jon Fosse skaper et nettverk av tråder det er en nytelse å nøste opp i»»

— Marius Wulfsberg, Dagbladet

««Noe av det lettest tilgjengelige Fosse har skrevet.»»

— Adresseavisa

««En svær roman om to forsofne menn ved navn Asle? Ja takk!»»

— Bernhard Ellefsen, Morgenbladet

««Et forrykende selvportrett fra Jon Fosse [...] aldri før har han hatt mer å si til flere»»

— Knut Hoem, NRK

««Nytt storverk frå Jon Fosse»»

— Rolv Nøtvik Jakobsen, Vårt Land

««'Septologien' kjem til å bli ståande som eit storverk innan norsk, nordisk, europeisk verdslitteratur.»»

— Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

««Fosse er frisk, Fosse er god [...] ...sprek, slik ein topproman skal vere»»

— Vidar Kvalshaug, Bok365

««Fosse held fram med å skrive lysande prosa. [.] På ny har Fosse forma eit skriftstykke som prøver å seie noko om det som kanskje berre kunsten kan seie noko om: grunnvilkåra i eit liv, kva mennesket inst inne treng og lengtar etter. Eg tykkjer det er hei»

— Hilde Vesaas, Dag og Tid

Jon Fosse
Om forfattaren

Jon Fosse

 

Jon Fosse (english bio)

Jon Fosse
(f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I snart førti år har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyrikk, kortprosa, essay og barnebøker. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har fått ei rekkje prisar både i inn- og utland.

Jon Fosse voks opp på eit småbruk i Strandebarm i Hardanger. Han gjekk på gymnas i Øystese og studerte ved Universitetet i Bergen. Fosse er cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap. Han har heile sitt vaksne liv hovudsakleg vore forfattar på fulltid, men har òg arbeidd som journalist, lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og som litterær konsulent. I dag er Fosse busett i Oslo. I 2011 vart han tildelt statens æresbustad Grotten, som ligg i Slottsparken. Fosse bur også dels i Hainburg an der Donau i Austerrike og på Frekhaug ved Bergen.

Fosse debuterte som forfattar med romanen Raudt, svart i 1983, men han ser sjølv på novella «Han» i avisa Studvest frå 1981 som sin eigentlege litterære debut. Allereie i den novella finst mykje av det som karakteriserer Fosses tekstar: repetisjonar, indre monologar, ein suggererande og musikalsk skrivestil. I 80-åra gav Fosse ut prosa, dikt og barnebøker, men det store gjennombrotet som forfattar kom med romanen Naustet frå 1989.

Etter at Fosse hadde etablert seg som romanforfattar, poet, essayist og barnebokforfattar, vart han også dramatikar. Fosse uttrykte skepsis til teateret, men skreiv likevel dramatikk for fyrste gong i 1992. Han har seinare skildra det som den største openberringa i sitt forfattarliv. Det aller fyrste stykket Fosse skreiv, var Nokon kjem til å kome, men Og aldri skal vi skiljast er det fyrste Fosse-stykket som vart spelt på ei scene. Det skjedde på Den Nationale Scene i Bergen i 1994.

Fosse skreiv dramatikk i eit rasande tempo på denne tida og fekk raskt innpass på dei viktige norske scenene. Etter berre få år vart også dramatikken hans sett opp i utlandet. Det verkelege internasjonale gjennombrotet kom i 1999. Den franske regissøren Claude Régy sette opp Nokon kjem til å kome i Nanterre utanføre Paris. Året etter spelte det anerkjende Berlin-teateret Schaubühne Namnet på Festspela i Salzburg. Dei to oppsetjingane var med på å bana vegen for dramatikken til Fosse internasjonalt.

Fosse har skrive over 30 teaterstykke, til dømes Namnet, Vinter, Ein sommars dag, Draum om hausten, Dødsvariasjonar, Svevn og Eg er vinden. I dag er teaterstykka til Jon Fosse spelte over heile verda.

Fosse er internasjonalt mest kjend som dramatikar, men han har han heile tida skrive litteratur i andre sjangrar av uvanleg høg kvalitet, slik som romanane Melancholia I og II om målaren Lars Hertervig; Morgon og kveld, der Fosse skriv om den dagen Johannes vert fødd og døyr; og Trilogien, som er sett saman av dei tre delane Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd. Trilogien er ei vakker og urovekkjande forteljing om spelemannen Asle og kjærasten Alida. I 2015 fekk Fosse Nordisk råds litteraturpris for dette verket.

Det aller mest omfattande prosaverket Jon Fosse har skrive til no, er Septologien (2019–21). Dette verket kom til etter at Fosse tok pause frå dramatikken, men også etter at forfattaren konverterte til katolisismen i 2013. Fosse kallar skrivemåten i verket «langsam prosa». Det er prosa med transportetappar, skildringar og refleksjonar, sjølve negasjonen til det raske dramaet. Verket er omsett til over 20 språk og har hausta glitrande kritikkar både innanlands og utanlands.

For Septologien har Jon Fosse fått ei rekkje prisar. Mellom anna Brageprisen og Kritikarprisen. Han har også kome på kortlista til den internasjonale Bookerprisen og amerikanske National Book Award.

Dessutan er dramatikkpausen over, Fosse skriv på nytt for teater. Frå 2020 har det vore urpremiere på tre nye teaterstykke. Det heilaftens teaterstykket Einkvan har urpremiere 25. april 2024 på Det Norske Teatret.

Våren 2023 kom forteljinga Kvitleik, ein lysande roman om grensa mellom liv og død. I 2023 hadde Fosse også eit jubileum som forfattar. Det var 40 år sidan han debuterte med romanen Raudt, svart. Den til no siste prosaboka frå forfattaren er Vaim (2025), den første boka i ein ny trilogi og eit nytt litterær univers frå Jon Fosse.

Jon Fosse vart i 2023 tildelt Nobelprisen i litteratur.

Fleire bilete:

Foto: Helge Skodvin

Foto: Agnete Brun





Sjå alle bøker av Jon Fosse →