CLAUS SELLEVOLL(f. 1973) er skodespelar, tekstforfattar og bonde. Han kjem frå Alversund og har vore knytt til ulike teater på Vestlandet. Han er kjend frå oppsetjingar som «Singel & Sand», «Ivar Medaas – Dar kjem dampen» og «Heim til meg». Sellevoll har sidan ungdomsskulen hatt eit nært forhold til Vinskvetten. Musikken deira vart spelt i skulegarden. Det var som medisin for sjølvkjensla.