Bodil Cappelen
1 bok
Viser 1 - 1 av 1
Bodil Cappelen er biletkunstnar, fødd i Stavanger. Ho har budd i Kalvøsund i Arendal kommune i 20 år, og i Ulvik i Hardanger i 23 år. Flytta til Son i 1998 og bur framleis her. Cappelen er utdanna innan stofftrykk og grafikk på Statens Håndverks - og Kunstindustriskule i Oslo. I 1969 byrja ho med biletvev og arbeidde med det i 12 år. Etter fleire separatutstillingar av biletteppe, bl.a. i Kunstnernes Hus i Oslo 1981 søkte ho andre uttrykksformer og gjekk over til å skrive og teikne biletbøker for barn. Men det var måle ho ville. I 1991 hadde ho si fyrste separatutstilling av oljemåleri i Oslo. Siste utstilling var i 2006 på Tromsø museum : "70 illustrasjoner til samiske bildebøker." Hausten 2009 skal ho ha måleriutstilling i Moss Kunstforening.
Illustrerte bøker;
- Norske barnerim og regler, Aschehoug (1984)
- ABC - Olav H. Hauge/ Bodil Cappelen. Samlaget (1986, 1987, 1995, 2008)
- Pingvinen Po - tekst og bilder, - nord-, sør-, lule-samisk og norsk. Davvi Girji (1993)
- Modige Marja - tekst og bilder, - nord-, sør-, lule-samisk og norsk. Davvi Girji (1994)
- Bilete og tekstar frå Det gamle testamentet. Norsk bokreidingslag (1993) (Bibelske tekstar omsett av Alexander Seippel, ill. med 15 måleri av B.C.)
- De løyerlige norske familier. Biletkortstokk. Damm (1993)
- Brev 1970-1975. Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. Samlaget (1996)
- Guavza (Liten Bamse) tekst og bilder. Peikebok på sør-og lule-samisk. Davvi Girji (1998)
- Rødhette og Ulven. Biletbok nordsamisk og norsk. Davvi Girji (2001)
- Manndattera og Kjerringdattera med 20 helsides fargebilder. Davvi Girji (2005)
Les meir om Bodil Cappelen på www.kik.no og sjå nettsida på www.bodilcappelen.no