Møt skriveskuleelevane på Dei nynorske festspela

Møt skriveskuleelevane på Dei nynorske festspela

Fredag 7. juni klokka 1615 blir det samtale mellom Lukas Andersen, Amalie Ju Eggen og forfattar Kathrine Nedrejord. I tillegg les fleire av elevane nyskrivne tekstar. Sted: Utstillinga, Aasentunet.

Laurdag 8. juni klokka 1530 blir det også opplesing. Få gjerne med deg Fosse på 1–2–3 ved Cecilie Seiness, Fosses redaktør, og høyr opplesinga frå skriveskuleelevane etterpå.

Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring er eit samarbeidsprosjekt mellom Minotenk og Det Norske Samlaget. Skulen starta opp i 2022, og nå går det tredje kullet på skrivekurset. Målsettinga er ein meir mangfaldig nynorsk litteratur og ein rikare offentleg samtale. Elevane får prøvd seg i fleire sjangrar – sakprosa, poesi, prosa for barn og vaksne og dramatikk – og undervegs møter dei nokre av dei beste og mest interessante forfattarane i landet. Blant forfattarane som har undervist ved skulen så langt, er Camara Lundestad Joof, Thomas Marco Blatt, Nina Grünfeld, Kjersti Anfinnsen, Brynjulf Jung Tjønn, Marta Breen, Demian Vitanza, Fatemeh Ekhtesari, Fredrik Høyer, Yohan Shagmugaratnam, Kristin Fridtun, Aina Basso og Nadia Ansar. Viss du er interessert i å søke på neste års kurs, kan du lese meir her.