Ein pølsetjuv kryssar sitt spor

Ein pølsetjuv kryssar sitt spor

– Det var viktig for meg at Kjell skulle ha former, han måtte gjerne ha ein litt stor bakdel 

Marianne Gretteberg Engedal er best kjent som illustratør med ein hang til å teikne fyldige menn. Under kunstnarnamnet Skinkeape produserer ho illustrasjonar med ein gjenkjenneleg naivistisk og absurd strek. Over 50 000 tusen følgjer med på streken hennar på Instagram, majoriteten frå USA. Her heime har debutboka Pølsetjuven nett komme frå trykk. 

 

Den hjartevarme forteljinga om tjuven Kjell er resultatet av fleire års arbeid oppe i topplokket til Marianne. I Pølsetjuvenmøter lesarane endeleg Kjell. Kjell er ni år og fødd inn i ein familie av tjuvar. Problemet er berre at Kjell ikkje vil vere tjuv. 

Eg kan ikkje vere med, sa Kjell. 

Tull, du har ikkje feber, sa mor. 

Men eg har vondt i magen.

Du er berre spent! 

Eg vil ikkje stele frå Pølse-Per, han er venen min! 

Ein sann tjuv må kunne stele frå kven som helst!

– Eg har i mange år bore på ein idé om ein karakter som er tjuv, så då eg starta arbeidet med denne boka, var det naturleg å la tjuven vere med. Saka var å finne ut av kva som var problemet til tjuven, og kvifor han fortente å få ei heilt eiga bok. 

– Kan du seie litt om korleis du arbeider når du illustrerer ei slik bok? 

– Eg byrjar alltid analogt, med blyant, der eg teiknar alle elementa som skal vere med i illustrasjonen, kvar for seg. Kanskje målar eg nokre av dei i tillegg, før eg skannar alt inn og set det saman digitalt. Då kan eg flytte rundt på ting og endre storleik og fargar som det passar meg, fortel Marianne. 

At Marianne eigentleg ikkje er noko glad i å arbeide med fargar, skulle ein ikkje tru når ein ser boka. Den har verkeleg blitt ein fargefest frå første til siste side. Men Marianne fann undervegs ut at ho kunne nytte fargane for å understreke Kjell sine kjensler og stemninga ho var ute etter. Ho vedkjenner likevel at det tok litt av. 

– Til vanleg når eg jobbar med fargar, bruker eg lyse pastellar, så det at denne boka blei så fargerik som den blei, overraska meg i grunnen. Eg må ha mista kontrollen på eit eller anna tidspunkt, fortel forfattaren. 

– Korleis opplevde du det å skulle skrive ut ei forteljing?

– Det var vanskeleg, eg er ikkje van med å skrive. Plutseleg måtte eg nytte delar av hjernen som har lege i dvale i tjue år, så det gjekk litt treigt til å byrje med. Då eg først kom i gang, gjekk det overraskande bra, og det var kjekt å kunne leggje opp forteljinga etter kva eg sjølv hadde lyst til å teikne. 

 Marianne Gretteberg Engedal (f. 1986) er illustratør og kokk frå Haugastøl. Ho er utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen. Pølsetjuven er den første boka hennar.

PØLSETJUVEN

Kjell er ni år og fødd inn i ein tjuvefamilie. Men Kjell vil ikkje vere tjuv. Ein dag må han stele frå vennen sin, Pølse-Per. Pølsetjuven handlar om å finne ut kven ein eigentleg er – og om å tore å leve slik ein ønskjer.