Debutantintervju: Helga Songøygard Battin

Debutantintervju: 

Helga Songøygard Battin

Helga Songøygard Battin debuterer i vår med romanen Rosehagtornen. Her syner Battin kor ulike vegane inn i vaksenlivet kan vere, og at det ofte er lettare sagt enn gjort. Av og til må det vere lov å drøyme om ein rosehagtorn i staden for ein baby.

Gratulerer med bok, Helga! Korleis vil du sjølv beskrive romanen?

Rosehagtornen handlar om å bli vaksen og måtte ta stilling til vaksenlivet: jobb, samliv og relasjonar, bustad. For nokre, som Adrienne, verkar alt så enkelt og sjølvsagt, medan for Tilia blir det meste ei utfordring. Utfordringar er noko ho ikkje meistrar særleg godt. Derfor bruker heller Tilia mykje tid saman med plantene sine, dei som er så lettvinne å kommunisere med. Neste steg i livet til Adrienne ser ut til å vere at dei skal stifte familie, medan Tilia heller ser føre seg at neste steg kan vere å ta vare på ei større plante, eit tre som rosehagtornen.

Går eg for lenge utan å skrive, blir eg rastlaus og litt sur på verda. 

Korleis blei romanen til?

Etter at eg hadde gått på Forfattarstudiet i Bø, hadde eg behov for å skrive noko nytt. Eg hadde mange gamle tekstar som eg ikkje hadde lyst til å jobbe vidare med, i tilfelle dei bar preg av alt eg ikkje hadde tenkt på då eg starta i Bø. Så då sette eg meg ned på forsommaren og byrja å skrive om det eg såg rundt meg. Kort tid etter dukka karakterane Tilia og Adrienne opp, og dei fekk ein nabo og ein vennekrins, familie og jobbar.

Kva ønskjer du å få til med skrivinga di?

Å skrive kjennest nødvendig for meg. Går eg for lenge utan å skrive, blir eg rastlaus og litt sur på verda. Så det eg ønskjer å få til med skrivinga mi, må vel vere indre ro. I tillegg liker eg å underhalde lesarar og blir sjølv glad når eg les noko som får meg til å tenkje nytt. Det hadde vore fint om eg kunne få nokon til å bryte opp tankemønsteret sitt med noko eg skriv.

Kan du fortelje litt om prosessen frå idé til ferdig bok?

På eit vis kjennest det ikkje som at eg starta med ein idé, eg berre starta å skrive. Undervegs kom det idéar som eg bygde vidare på, og før eg hadde ei spikra avslutting på romanen, sende eg teksten rundt til nokre gode lesarar som kom med innspel. Eg kan vel bruke klisjéen om at eit manus har behov for fødselshjelp for å komme til verda, og då var det nødvendig med fagleg assistanse, som tilbakemeldingar frå redaktør og lesarar, språkvask og korrektur, før det kunne bli ei ferdig bok.

Korleis har skriveprosessen vore?

Eg har blitt fortald at det er viktig å skrive kvar dag for å halde prosessen gåande, og i starten skreiv eg i alle fall så ofte eg fann tid. Det som var godt med dette manuset, var at eg ikkje kan hugse å ha køyrt meg heilt fast nokon gong. Det var alltid noko å byggje vidare på, særleg etter å ha fått tilbakemeldingar om noko som var uklart, eller noko eg burde skrive meir om.

Eg synest det er spennande å lese andre debutantar, for eg føler ofte at det er noko usminka ved den første boka.  

Når du skriv, kva inspirerer deg? Kan du nemna nokre litterære førebilete?

Ofte blir eg inspirert når eg går tur åleine i naturen. Då byrjar tankane å surre, og eg får ein trong til å skrive for å ikkje gløyme. Men eg kan òg bli inspirert av menneske eg møter, bøker, tv-seriar og nyheiter. Eg blir gjerne inspirert av forteljingar om noko som openbert er urettferdig. Mine litterære førebilete er mellom anna Ingrid Z. Aanestad, som skriv på eit vis som gjer at eg får lyst til å skrive, og Elena Ferrante, som byggjer slike oppslukande univers. Eg synest det er spennande å lese andre debutantar, for eg føler ofte at det er noko usminka ved den første boka. Eg er òg glad i Agnes Ravatn, Tarjei Vesaas, Tove Ditlevsen, Unica Zürn, Agota Kristof og mange fleire. Men eg kjem mest aldri på andre enn J.K. Rowling dersom nokon spør.

Helga Songøygard Battin: Rosehagtornen

Rosehagtornen handlar om Tilia som prøver å finne plassen sin i vaksenlivet generelt og i forholdet til Adrienne spesielt. Det er lettare sagt enn gjort, for det er krevjande å vere vaksen, og Adrienne er så sikker på alt. Då er det enklare å omgi seg med planter: Dei slår rot og veks og blømer. Sitrongeraniumen har til og med formeira seg til sjølvstendige planter gjennom alle avleggarane Tilia har gitt vekk. Og medan Adrienne byrjar å snakke om barn, ønsker Tilia seg mest av alt eit tre, ein rosehagtorn.

Rosehagtornen er ei smart, morosam og sår forteljing om å bli vaksen.