På ei trapp i universet med Marit Kaldhol

Marit O. Kaldhol fekk sitt store gjennombrot med bildeboka Farvel, Rune i 1986. Kaldhol er éin av åtte norske forfattarar som har fått den prestisjefulle Deutscher Jugendliteraturpreis. Om ho skriv for barn, ungdom eller vaksne, er Kaldhol kjend for poetiske forteljingar. I haust er ho aktuell med diktsamlinga På ei trapp i universet. Her møter vi ein katt og to barn som sit på trappa til eit hus i utkanten av ein skog. Dei filosoferer om røynda og universet, om det minste og det største. Både det dei kan sjå, og det dei ikkje kan sjå. Ikkje minst oppdagar dei at det finst ufatteleg mange slag egg!  På ekspedisjonar i skogen og til fjorden blir både fortid og framtid, fantasi og vitskap levande og nær.  


Kva har du lyst til å fortelje med diktsamlinga På ei trapp i universet? 

Først og fremst vil eg formidle undring over livet i seg sjølv. Ved å vere nyfiken på plantar og dyr og korleis livet oppstår, korleis naturen fungerer og heng saman - både brutalt og vakkert - trur eg at lesaren blir stimulert til å utvikle ein positiv relasjon til omverda si, og ikkje minst nærme seg fenomen i naturen, for ikkje å seie i heile universet. Det er så mykje vi ikkje veit, derfor er det så mykje å vere nysgjerrig på!  


Det er store eksistensielle spørsmål som du tar opp i diktsamlinga di, men du klarer å gjere det tilgjengeleg for ganske små barn. Er det lettare å opne for barnets refleksjon og utforsking gjennom poesien, trur du?  

Poesien er kanskje meir open i seg sjølv, og ligg godt til rette for å stille opne, undrande spørsmål, late fantasien leike utan så sterk målstyring. Eit liv i naiv undring og nær dei enkle - men uendelege store - fenomena i tilværet, er til god hjelp når eg hentar fram barnet i meg sjølv for å skrive nettopp dikt for barn.  


Engasjementet ditt for klima går som ein raud tråd gjennom forfattarskapen din, både for vaksne og barn. Tenker du at det ligg eit bodskap om å ta vare på kloden og klimaet i På ei trapp i universet? 

Nærleik til naturen er ein føresetnad for det engasjementet, og i dikta forsøker eg å gå tett på livet til både insekt og store dyr, og vise nokre samanhengar i naturen. Tanken er at ein må oppleve verdien av det som finst, for å forstå at ein ikkje har råd til å miste det. Diktforma er perfekt for å fokusere på ein detalj og samtidig ha det utvida perspektivet. Aller best er det om barnelesaren får lyst til å gå frå dikta og på oppdagingsferd ut i den verkelege verda. Når ein får eit forhold til livet i alt sitt mangfald, vil ein også ta vare på det.   


I 2023 er er det 40 år sidan du debuterte med diktsamlinga Lattermilde laken, er det ei (barne)bok som du held høgare enn andre?  

Eg er glad for fleire av bøkene mine for barn og ungdom, både poesibøkene og forteljingar. Må eg velje éi, blir det dagboksromanen for ungdom, Søkeord: ayotzintli (2010) som står meg nærast. I den tillet eg meg å gå djupt inn i eksistensielle spørsmål frå ulike perspektiv, også med nokon grad av sjangerblanding, som eg liker å boltre meg i. Den boka synest eg viser noko av kva eg vil med forfattarskapen min: ikkje underhalde, men møte eit ærleg, søkande alvor hos unge lesarar. 


Kva inspirerer deg? 

Naturvitskapane byr på så ufatteleg mykje kunnskap om fascinerande fenomen, smått og stort! Å fordjupe meg i bitar av det ekspertane formidlar, gir ei enorm glede. Eg les, studerer bilde og observerer former, fargar, rørsler og rare greier rundt meg. Diktinga oppstår og finn næring når eg gir meg sjølv tid til å stanse opp og ta imot slike inntrykk. Det er rein glede! 


Kva likte du å lese da du var barn? Og kva les du helst no? 

Pappa las eventyr for meg då eg var lita, bjørnen som fekk stutt rumpe vil alltid vere kopla til humringa innanfor lusekofta hans. Han gav meg også Marie Takvam si barnebok Maria og katten i Venezia, som eg enno er glad i. Anne-Cath Vestly sitt univers var eg lommekjent i. Ei bok som gjorde sterkt inntrykk var Hun som fikk navnet Loretta av Kari Ørbech.   

No vel eg lesestoff som gir meg språkleg motstand, bøker som utfordrar med form og struktur, som vil noko meir enn å underhalde. Oftast vil eg lese bøker med stil og atmosfære som har ein eller annan slektskap med det eg sjølv skriv på. Herta Müller sin forfattarskap set eg høgt, likeså Helle Helle, Sara Stridsberg og Jenny Erpenbeck. Også norske Inghill Johansen, portugisaren José Saramago og japansk-britiske Kazuo Ishiguro gir gode lesaropplevingar. Sist lesne (vaksen)bok er The Passenger av Cormac McCarthy. 




Marit O. Kaldhol: På ei trapp i universet

Ein katt og to barn sit på trappa til eit hus i skogkanten. Dei filosoferer om røynda og universet, om det minste og det største, om det dei ser, og det dei ikkje kan sjå. Ikkje minst oppdagar dei at det finst ufatteleg mange slag egg. På ekspedisjonar i skogen og til fjorden blir både fortid og framtid, fantasi og vitskap levande og nær.

Diktsamlinga er vakkert illustrert av Susanna Kajermo.