Folkedikting til kvardagsfest og nattleg høgtid

Einar Økland er aktuell med diktsamlinga Rosemalte selfies – og omvendt. Sjølv har han aldri tatt ein selfie.

Fortell kort om «Rosemalte selfies – og omvendt».

Ei fyldig, lettlesen, temmeleg variert diktbok. Variert når det gjeld emne, men også når det gjeld uttrykksmåtar.

Kva er ein rosemalt selfie? 

Noko tradisjonelt dekorativt (rosemalt) kopla til noko moderne realistisk (eit fotografisk sjølvportrett).

Og kva er det omvende?

Jo, eit utskjemt sjølvportrett. Eller eit fint dekorert portrett, men av nokon annan enn deg. Alternativt: eit tilgrisa portrett – av nokon annan enn deg sjølv. Det kjem an på korleis ein les, og kven ein trur ein ser.

Sjølvframstilling og korleis vi blir til gjennom andres blikk, synest å vere eit gjennomgåande tema i boka di. Kva vil du seie med boka? 

At den som snakkar i boka, er meir enn berre éin, og at dette kan gjelde også for den som les. Boka er såleis variert og fleirfaldig m.o.t. uttrykksmåtar og motiv. Gravalvorleg, fleipete. Meditativ, ekspressiv. Vital, forsteina. Venleiksforgapt, belærande. Gammalmodig, samtidig. Om dette verkar subjektivt, er det samstundes eit handslag til lesarens subjektivitet.

Eit dikt i boka heiter «Gull-alderen». Utgivinga di frå 1972 heiter «Gull-alder». Er det ei lenkje mellom desse to utgivingane? 

Ja, det er det. Begge bøkene er samansette av bolkar med svært ulike teksttypar. "Gull-alder" er eit fordekt lån frå Hans E. Kinck, når han seier at kunsten blømer medan det er forfallstid elles i samfunnet.

Har du sjølv nokon gong teke ein selfie?

Eg har aldri teke foto av meg sjølv med mobiltelefonen. (Eg mislikar å bli fotografert. Men å bli teikna av andre er alltid stas.) Ein gong eg plundra med min nye Mac, tok skjermen min brått eit bilete av meg. Det skjedde utilsikta, men blei likevel ikkje så verst – som karikatur. Eg betraktar nemleg dei aller fleste bilete som karikaturar, same kva biletmakarane måtte meine. Men jo, eg fotograferte meg sjølv – som skulptur! – i Oslo ein gong. Skulpturen – laga av Gunnar Torvund – er i strek og av metall og heng på ein vegg.

Einar Økland:  Rosemalte selfies - og omvendt

Folkedikting til kvardagsfest og nattleg høgtid

I Einar Øklands nye diktbok får du mellom anna servert lyriske hermer, gåter, ordtøke, kvad, stev og prosaiske notisar. Desse tekstane kan brukast til seriøs ut- eller innvortes sjølvmedisinering eller som sjølvforsvar.






Fleire artiklar

Stress og korleis leve med det
Stress og korleis leve med det

Mitt personlege høgdepunkt, eller lågpunkt, kom då eg stressa meg vaken over julekort i midten av november. Jesus kristus, kor idiot er det mogleg å bli. Julekort! Denne utgamle kommunikasjonsmetoden som strengt tatt berre er til bry for mottakaren (for ærleg talt, kva gjer ein med desse i januar? Er det lov å kaste andre sine born i søpla? I så fall: plast eller papir?).

 

Les heile artikkelen →

Å skrive om det vondaste
Å skrive om det vondaste

For åtte år sidan fekk eg og mannen min eit brev frå det offentlege som snudde opp-ned på framtidsplanane våre. Vi hadde lenge venta på å få hente heim eit barn frå Kina, så lenge at myndigheitene meinte at vi hadde blitt for gamle til å gjennomføre adopsjonen. 

 

Les heile artikkelen →

Fem gode alternativ til påskekrimmen
Fem gode alternativ til påskekrimmen

Påsken er tida for å nyte ei god bok i solveggen eller i sofakroken. No har fem kritikarfavorittar kome i pocket!

Les heile artikkelen →