På avsatsen mellom barndom og tungekyss

På avsatsen mellom barndom og tungekyss

Kari Stai hugsar godt at ho som 12-åring undra seg over kva ho eigentleg skulle bruke kjærasten sin til. Juri i Passe happy lurar på det same, og så er det dette med tungekyss, då.

 

Korleis vil du sjølv beskrive Passe happy

– Det er ei bok som tek for seg det å manøvrere i si eiga usikkerheit, om å stå i overgangen frå å vere barn til ungdom. Korleis er det eigentleg for ein som trivst i den barndommen ein er van med, å sjå at ein ny fase i livet er på veg mot ein? Og samtidig med usikkerheita så er det ei nysgjerrigheit på kva dette ungdomslivet eigentleg handlar om. Kva er forelsking, kva gjer det med meg, og kva må eg gjere? Hovudpersonen Juri lurer på om han må gjere noko med det viss det no viser seg at han er forelska. Kva slags kontrakt skal han skrive med dette nye livet?

Så boka handlar om å stå i stadig nye situasjonar og samanlikne seg med andre. Relasjonar er sentralt, og spørsmål som når er eg rett og når er eg feil? For Juri dreier det seg mykje om å tenkje ut ting på førehand, planleggje og tenkje ut korleis han skal prate med andre, og han funderer på kva forskjellen på ein god ven og ein kjærast er. Er det berre kyssinga som skil dei to frå kvarandre? Juri kjenner at han står heilt i ro, er litt stiv, og jobbar mykje med å få teori og praksis til å stemme i hop. Korleis skal han både finne seg sjølv og samtidig passe inn? Som 12-åring er det lett å kjenne på at jorda snurrar litt for fort, og korleis det er å ane at dette behagelege, kjente, trygge er i ferd med å forandre seg. Passe happy skildrar kor mykje som føregår i Juris indre liv, samtidig som han skal henge på resten av verda.

 

Har du nokon klar tanke om kva du vil at lesaren skal sitje att med etter å ha lese boka?

– Eg vil gjerne treffe både gutar og jenter, og eg håper at også jenter vil lese boka sjølv om hovudpersonen er ein gut. Eitt av fleire bodskap i boka er at vi har alle ulike kvalitetar og utfordringar. Alle kan relatere til at ein meistrar noko og ikkje er fullt så god til andre ting. Samtidig ser det ut til at fotball framleis er ein svært viktig aktivitet i skulegarden. Korleis er det då for dei som ikkje er så gode i fotball, men som har andre kvalitetar, meistrar andre ting? 

Eg vil kjempe litt for dei såkalla pysene, for kva er det å vere sterk og kva er styrke? Kva er ei pyse? Det å vere følsam, er det ikkje styrke også i det? Eg håper boka kan vere med på å normalisere eit stort spekter av mennesketypar og vise at alle har sine styrkar og sin plass.

 

Har du andre som les manus undervegs, eller held du teksten tett til brystet? 

– Ja, eg set mine nærmaste i arbeid! Mannen min jobbar i Den kulturelle skolesekken, han har vakse opp med bøker og litteratur, og er ein god støttespelar. Til peikebøkene mine har eg hatt testgrupper i ein lokal barnehage, noko som var utruleg kjekt og nyttig. I arbeidet med denne boka har eg ein ekspert på livet som 12-åring i hus, nemleg sonen min, Iver, det har vore nyttig å diskutere med han undervegs. 

I tillegg har eg brukt mi eiga erfaring frå å vere 12 år. Det kjennest litt klisjé-aktig ut å seie, men eg opplever at barnet i meg sjølv er veldig intakt. Eg hugsar godt kva eg opplevde, korleis det var i kroppen, så det er ei kjelde eg har brukt mykje i denne prosessen. Eg vaks jo opp på ei anna tid enn Juri gjer, men dette handlar om kjensler, sjølvkjensle og relasjonar, noko som er universelt. Kor viktig det er å bli likt, å like seg sjølv og kunne godta å stå i forandring, det er vel tema som ikkje går av moten.

Eg tenkjer på Juri som ei personifisering av den usikkerheita som ikkje er til å unngå i den alderen der.

 

Tenkjer du på lesaren medan du skriv? 

– Ja, det har eg nok gjort her, spesielt fordi eg har ein 12-åring i hus. Men igjen så har eg kanskje skrive til ein ung versjon av meg sjølv. Eg hugsar at eg hadde kjærast då eg var 10 og 12, det varte éi veke. Eg skjønte ikkje heilt kva eg skulle bruke han til, og det var meir noko symbolsk i det å ha ein kjærast. Sjølv om eg er 46 år no, tenkjer eg på dette framleis og har friskt i minne korleis det var. Alle desse spørsmåla rundt om kva ein skal snakke med kjærasten om, korleis skil den relasjonen seg frå venskap? Det var nesten som ei teoretisk tilnærming, og det var i ein periode før seksualitet var eit tema. Og det er jo skikkeleg kleint i den alderen, alt som handlar om seksualitet.  

Den aldersgruppa der fell litt mellom to stolar. Når du er liten, sit du på fanget, men så blir du plutseleg for stor til det, og då er du i ein periode med mykje mindre kroppskontakt, før du blir seksuelt aktiv. Så ja, eg tenkte jo på kva som er relevant og spennande for nokon som står på kanten til eller er i den overgangen frå barn til ungdom, og eg håper det er interessant for dei å lese.

 

Det er nesten så ein kan sjå dette på framsida til boka, som om noko jagar etter Juri?   

– Ja, Juri går frå noko som kjem etter han. Han ser det over skuldra, og eg tenkjer at det som kjem der, er krav, seksualitet, litt grensesetjingsproblematikk. Alle desse tinga kjem jagande etter han, anten han kjenner seg klar for det eller ikkje. Eg tenkjer på Juri som ei personifisering av den usikkerheita som ikkje er til å unngå i den alderen der. Han må eksponerast, det kjem ting som han berre må stå i, og så får vi sjå i boka korleis han taklar det. 

Avslutninga har ein optimisme i seg og ei slags opning vidare som får meg til å lure på om det kjem fleire bøker om Juri? 

– Det er eit godt spørsmål. Då den første Jakob og Neikob-boka kom, så sa eg heilt tydeleg nei då nokon spurde om det kom fleire, så kven veit. Det freistar i alle fall å skrive meir for den aldersgruppa. I alderen 11 til 13 år står ein på eggen mellom barn og ungdom, og det er så mykje energi i dei overgangane, frå barneskole til ungdomsskole, frå barndom til ungdomstid. Det er så knytt til utvikling av identitet, og mange fasettar av dette er interessant. Dette med kjønn opptek meg til dømes også. Her om dagen såg eg filmen The Green Book, der tematikken med korleis svarte har hatt det og framleis har det, er sentral. Kanskje er vi der om 100 år at vi lurer på kvifor vi ein gong var så opphengde i kjønn?

 


Passe happy
Kari Stai

Juri nærmar seg 12 år og kjenner seg usikker på absolutt alt. Han prøver å finne ut av seg sjølv, kjærleiken, fotballen, og kor langt tunga skal inn i eit kyss før ein ikkje får puste. For Sofi er så fin at Juri mistar pusten. Men Juri vil sjølvsagt ikkje døy. Han skulle ynskje at alt var som før. At pappa ikkje måtte flytte. At bestevenninna Evy ikkje blei så rar. Kvifor har han så mange kjensler? No snurrar jordkloden så altfor fort. Om han berre kunne stått litt meir i ro. Boka er gjennomillustrert av Kari Stai. 

Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør, aller mest kjend for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette tilfleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater.