Godteri
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Godteri

6–9 år
Visste du at verdas største tyggisboble vart 50,8 cm? Og visste du at tyggis bruker ti år på å brytast ned i naturen? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om godteri. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Anna R. Folkestad. «Visste du at ...? Godteri» er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
249,00 kr
Sider
35
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234001444
Anna R. Folkestad
Om forfattaren

Anna R. Folkestad

ANNA R. FOLKESTAD (f. 1983) er forfattar og illustratør. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And og har mellom anna skrive dei populære bøkene om Besta og Bo. Ho fekk tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris 2012 for boka Unni og Gunni reiser. Sidan har ho gitt ut ei rekkje barnebøker, bildebøker og Leseland-bøker på Samlaget. Folkestad er frå Stord.