InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Vintertonar: roman

Kan ein reparere ein knust familie? «Eg ville fortelje mor si historie, vår historie. Men det blei for nært, for uforståeleg. Alt det svarte og kvite eg trudde eg skulle ta tak i, flaut meir og meir saman til utydelege gråtonar for kvar side eg las i bøkene. Kven var ho eigentleg?» Ein urovekkjande telefonsamtale driv Isak til å vende tilbake til bygda han vaks opp i, ein stad han for lengst trudde han hadde lagt bak seg. I møte med sin døyande far og søstera han aldri blir klok på, prøver han å komme nærmare si eiga historie: finne svar på kva som eigentleg skjedde med mora, og kven som har svike kven. Vintertonar er ei historie om sanning, løgn og løyndommar og om stilla som høyrer heime imellom.
349,00 kr
Sider
136
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234000751
Anders Totland
Om forfattaren

Anders Totland

Anders Totland (f. 1986) er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Han er forfattar og har skrive fleire bøker både for barn og for vaksne. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar, deriblant Den norske slavehandelen (2018), Gunnars rekordbok (2024) og Mamma på dass (2025). Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. I 2022 kom den første boka om den pensjonerte presten Jacob Juul, Til jord skal du bli, og i 2024 kom den nokså frittståande oppfølgjaren Til døden skil oss.