Vintercamping
Innbunden

Vintercamping

Vintercamping er epigrammisk og satirisk, inspirert av dei romerske forfattarane Martialis og Juvenal, som var aktive skribentar for to tusen år sidan. Men først og fremst er Vintercamping ein song om vår eiga samtid: ein frekk song, ein humoristisk song, ein grotesk og sjokkerande song _x0096_ og ikkje minst ein djupt moralsk song. Arild Rein er blant anna kjend for Stavangertrilogien.

449,00 kr
Arild Rein
Om forfattaren

Arild Rein

(f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Han har gitt ut lesestykke, kortprosa, dikt og omsettingar, og er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil. Arild Rein fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei han, på bakgrunn av Kaninbyen, kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen. Rein er også initiativtakar og redaktør i Villhund forlag, etablert i 2018.