V
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Vi skal gjere det!

6–9 år
Storesøster vil lære seg å fly. Greier ho det ikkje sjølv, skal ho i alle fall lære veslebror det! Illustrert, blant annet med to skisser av Leonardo da Vinci.
200,00 kr
Sider
28
Utgivingsår
1993
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252140873
Helga Gunerius Eriksen
Om forfattaren

Helga Gunerius Eriksen

(f. 1950) er frå Stord og bur i Bergen. Ho har skrive over 20 biletbøker, romanar, essay, dikt og forteljingar for barn, ungdom og vaksne og delteke i fleire prosjekt med andre kunstnarar. Gunerius Eriksen debuterte i 1986 med biletboka På stripejakt. I 1991 fekk ho Kritikarprisen for Finn Inga! (beste barne- og ungdomsbok), og i 2003 blei ho, saman med Gry Moursund, tildelt Brageprisen for Flugepapir. Ho var òg nominert til Kritikarprisen 2006 for Eg er på veg, og fikk Samlagsprisen i 2009. Eriksen har skrive to romanar for vaksne – Dersom du (1994) og Rut (2002). Kvadratiske konturar (1998) er ei kortprosa-biletbok for vaksne der Eriksen samarbeidde med Kurt Johannessen. I 2010 fekk Eriksen Ordknappen for Påls reise (2009), ei tilrettelagd bok for lesarar som treng enkel tekst og enkelt innhald. Eriksen er utdanna cand.mag. med faga keramikk og filosofi. I 2013 fullførte ho fordjupingskurs i dramatikk ved Norsk Barnebokinstitutt.