Du skal vita alt
Innbunden

Du skal vita alt

Når sommaren no nærmar seg, blir Donna igjen invitert av vennene til Mallorca. Ho får hjartebank: Vil ho møte att José? Kva vil i så fall skje? Vil ho fortelje at han er barnefaren? Boka er skriven som ei rekkje brev til dottera Josefine, slik at ho ein dag skal få vite alt som har skjedd mellom Donna og José.

Boka er ein oppfølgjar til Eg er på veg (2006).

399,00 kr
Helga Gunerius Eriksen
Om forfattaren

Helga Gunerius Eriksen

(f. 1950) er frå Stord og bur i Bergen. Ho har skrive over 20 biletbøker, romanar, essay, dikt og forteljingar for barn, ungdom og vaksne og delteke i fleire prosjekt med andre kunstnarar. Gunerius Eriksen debuterte i 1986 med biletboka På stripejakt. I 1991 fekk ho Kritikarprisen for Finn Inga! (beste barne- og ungdomsbok), og i 2003 blei ho, saman med Gry Moursund, tildelt Brageprisen for Flugepapir. Ho var òg nominert til Kritikarprisen 2006 for Eg er på veg, og fikk Samlagsprisen i 2009. Eriksen har skrive to romanar for vaksne – Dersom du (1994) og Rut (2002). Kvadratiske konturar (1998) er ei kortprosa-biletbok for vaksne der Eriksen samarbeidde med Kurt Johannessen. I 2010 fekk Eriksen Ordknappen for Påls reise (2009), ei tilrettelagd bok for lesarar som treng enkel tekst og enkelt innhald. Eriksen er utdanna cand.mag. med faga keramikk og filosofi. I 2013 fullførte ho fordjupingskurs i dramatikk ved Norsk Barnebokinstitutt.