Venneringen: roman
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Venneringen: roman

12–16 år
Bente har gleda seg til ei vekes hyttetur med Kami og dei andre venninnene, utan innblanding frå vaksne. Men turen tar ei uventa vending når jentene hamnar oppi hendingar som innbrot og valdtekt. I tillegg kjenner Bente seg utafor når Kami og Ingrid har hemmelege ting på gang. Dette er den andre boka om Bente og Kami.
199,00 kr
Sider
161
Utgivingsår
2007
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252170092
Magnhild Bruheim
Om forfattaren

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim (f. 1951) debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom. I 2005 gav Bruheim ut den historiske romanen Trolldomskraft, som byggjer på ei verkeleg hending frå 1730 – ei 13 år gammal jente blir skulda for hekseri og ventar på dommen sin. Bøkene Ny melding (2003), Venneringen (2007) og På flukt (2010) utgjer ein populær serie for ungdom, om Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar. Det som ein gong var (2010) er ei gripande oppvekstskildring som gir eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet, med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Boka er ifølgje Bruheim sjølv den mest personlege ho har skrive.

Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Bruheim er busett på Lillehammer.