InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Venner med venger

9–12 år
Ein dag oppdagar Dina ein fugl utanfor vindauget sitt - den blir den hemmelege vennen hennar. Saman med kameraten William bestemmer ho seg for å finne ut meir om fuglar og begynner å notere i ei lita bok. Inger Lise Belsvik har gitt 20 norske fuglar eit kunstnarleg uttrykk som både fangar fuglanes særtrekk og sjel. Alle fuglane blir presenterte undervegs i forteljinga, og i tillegg i ein eigen faktadel bak i boka. Dette er ei enkel, svært vakker og velskriven bok som inspirerer barn til å uforske, observere og lære om naturen.
369,00 kr
Sider
90
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252181753
Erna Osland
Om forfattaren

Erna Osland

(f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger i Sogn. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har arbeidd som lærar både i ungdomsskole og vidaregåande skole. Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009). Erna Osland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris for Salamanderryttaren (1999), Nynorsk barnelitteraturpris for Matti og den store stjernepassaren (1995) og Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Ivar Aasen: ei historie om kjærleik (1996) og Skarpe tenner (2005). Osland er no busett i Byrknesøy i Sogn.