Veke 53: roman

Skjønnlitteratur

Veke 53: roman

Denne debutromanen er ein original, humoristisk og sår variasjon over eit kjent tema. Georg Ulveset er ein middelaldrande, skild lektor som innser at han er misfornøgd med dei fleste vala han har teke i livet, utan at han heilt veit kva han skal gjere med det. Han innser at han treng ein ny sjanse. Det nærmar seg juleferie, og han fryktar at han blir åleine på julaftan. Før den tid er han pålagd å gå i eit middagsselskap. Dei siste vekene i året byr på mange endringar for Georg, den beste vennen hans blir alvorleg sjuk, og han møter att ein stor kjærleik frå ungdommen. Alt dette medan han freistar så godt han kan å halde på den sjølvironiske fasaden.
199,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182323
Agnes Ravatn
Om forfattaren

Agnes Ravatn

Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna romanane Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og Gjestene (2022). Ravatn har også gitt ut fleire populære sakprosabøker, mellom anna bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin (2014). Ravatns særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid att – om ho skriv romanar, journalistikk eller essay. Doggerland er den femte romanen hennar.

Foto av Agnete Brun:


Foto av Line Omland Eilevstjønn:

Foto av Marius Viken: