Folkelesnad: essay

Skjønnlitteratur

Folkelesnad: essay

Ravatn tek vekebladet frå munnen. Agnes Ravatn har tråla Narvesens bladhyller, og sett seg godt til rette i godstolen. Ho tar oss med til ei insisterande og til tider skremmande verd, der urealistiske ideal og massiv behovsskaping regjerer. Ein monotoni, i nummer etter nummer, som får oss til å stille spørsmål som: Kva er det eigentleg dei vil med oss, desse blada? Er det rein underhaldning og eskapisme, eller skildrar dei noko som for mange er ei verkelegheit? Agnes Ravatn tar jaktblada på kornet og pornoblada på dei mest erogene soner, ho lar blada tale for seg sjølv, men ho tar også bladet frå munnen. Les, lær og le.
249,00 kr
Sider
209
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252197303
Agnes Ravatn
Om forfattaren

Agnes Ravatn

Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna romanane Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og Gjestene (2022). Ravatn har også gitt ut fleire populære sakprosabøker, mellom anna bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin (2014). Ravatns særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid att – om ho skriv romanar, journalistikk eller essay. Doggerland er den femte romanen hennar.

Foto av Agnete Brun:


Foto av Line Omland Eilevstjønn:

Foto av Marius Viken: