Barn og ungdom

Vaffelhjarte: Lena og eg i Knert-Mathilde

9–12 år
Dei som ikkje alt har lese denne hjartevarmaren av ein roman, bør snarast gjere det. Klassikar, rett og slett! Trille er sikker på at nabo Lena Lid er bestevennen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. I denne boka følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit ni år gammalt liv, og om redsla for å miste dei han er glad i. Vaffelhjarte blei nominert til Brageprisen 2005 og er også boka bak tv-serien på NRK.
249,00 kr
Sider
195
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252196801
Maria Parr
Om forfattaren

Maria Parr

Maria Parr (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 mottok ho også Sult-prisen. I 2023 fekk ho og illustratør Åshild Irgens Brageprisen og vart nominerte til Nordisk råds barnelitteraturpris for Oskar og eg. Parr har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor.

Foto: Sara Sanderud

Foto av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens. Foto av Sara Sanderud:

Fleire foto av Julia Marie Naglestad: