Vaffelhjarte

Barn og ungdom

Vaffelhjarte

9–12 år 3 t 41 min
Morosamt og lett om glede og alvor, venskap og sorg og om lengten etter å vite heilt sikkert at den du er glad i er like glad i deg. I boka følgjer vi Trille og Lena gjennom liv og vaffelrøre i eit heilt år. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira, der dei lagar taubane mellom husa, leikar andre verdskrig og opptrer som gatemusikantar. Då er det bra dei har slike som farfar og tante-farmor til å ordne opp. Men kva om det skjer noko som ingen kan ordne opp i?
Hjartevarmande! «Kjærligheten til barndom og oppvekstmiljø gir boken en helt egen varme.» Guri Fjeldberg, Bergens Tidende «Maria Parr er som ei kraftig plante skoten opp av ei frodig, vestlandsk li. Det er noko livat og energisk over måten ho skriv på, som grip tak i oss.» Marianne Lystrup, Vårt Land Opplesing: Maria Parr
249,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252194593
Maria Parr
Om forfattaren

Maria Parr

Maria Parr (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 mottok ho også Sult-prisen. I 2023 fekk ho og illustratør Åshild Irgens Brageprisen og vart nominerte til Nordisk råds barnelitteraturpris for Oskar og eg. Parr har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor.

Foto: Sara Sanderud

Foto av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens. Foto av Sara Sanderud:

Fleire foto av Julia Marie Naglestad: