Kor går grensa for kva ein skal ofre for eit barn?
Katrine er gift med Gunnar, saman har dei barna Jostein og Janne. Sonen er psykisk utviklingshemma, og familielivet er fullstendig dominert av omsorgsbehovet hans. Dottera er oversett, men også utsett då Jostein kjem i puberteten og utagerer seksuelt.
«Uønska åtferd» viser fram kor krevjande det er for ein familie å ta vare på alle når ein har eit barn som treng alt. I kampen for sonen er Katrine i ferd med å miste alt, ekteskapet, forholdet til dottera, men også seg sjølv.
Sitat frå melding
«Olaug Nilssen skriv med varm og empatisk innsikt. Ho viser fram menneska slik dei er, utan å dømme» - Gerd Elin Stava Sandve, NRK «Rasende roman om familie i krise» - Maja Troberg Djuve, Dagbladet «Lar oss kjenna pa. ha.pløysa na.r omsorg ikkje er nok» - Leif Tore Sædberg, Bergens Tidende «Olaug Nilssen når forhåpentligvis frem til mange lesere med sin roman om en mor som bare ser det svakeste barnets behov» - Astrid Fosvold, Vårt Land «Her er scener som gjør skikkelig vondt, samtidig som det er håp, humor og kunnskap» - Ole Jacob Hoel, Adresseavisen «Nilssen er et råskinn av en forfatter, en stor humorist, også når hun skriver tragedie [.] Uønska åtferd rommer en rad slike nærmest uløselige dilemma som vi llivevel trenger et språk for i offentligheten. Du vil umiddelbart søke noen å diskutere den med etter endt lesning» - Ingunn Økland, Aftenposten
Bla-i-boka
Olaug Nilssen
Olaug Nilssen(f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2019 gav ho ut det satiriske lesestykket Ikkje tenk på det, om stoda i norsk bokbransje, og same året fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin. I 2021 fekk ho Fritt Ords pris i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue.
Fleire foto av Eivind Senneset: (Trykk på bileta for å laste ned i høg kvalitet)
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO