Unni og Gunni reiser

Barn og ungdom

Unni og Gunni reiser

3–6 år
Unni og Gunni ser på himmelen. - Me burde på ein måte kome oss litt vekk, seier Unni. - Einig, seier Gunni. - Me reiser! ropar Unni. Men ein treng litt utstyr for å reise. Og korleis veit ein kor ein skal? Unni og Gunni finn fram kart og kompass og anna utstyr. Så flyr dei framover, bakover, over, under, opp og ned - og til slutt landar dei ein heilt ny stad. Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter under vegs.
149,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252183146
Anna R. Folkestad
Om forfattaren

Anna R. Folkestad

ANNA R. FOLKESTAD (f. 1983) er forfattar og illustratør. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And og har mellom anna skrive dei populære bøkene om Besta og Bo. Ho fekk tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris 2012 for boka Unni og Gunni reiser. Sidan har ho gitt ut ei rekkje barnebøker, bildebøker og Leseland-bøker på Samlaget. Folkestad er frå Stord.