Unni og Gunni malar

Barn og ungdom

Unni og Gunni malar

3–6 år
Unni og Gunni ser på huset. - Me burde på ein måte fått litt farge på det, seier Unni. - Einig, seier Gunni. - Me malar! ropar Unni. Men ein treng litt utstyr for å male. Og har dei nok fargar? Unni og Gunni finn fram koster og stiger og anna utstyr. Så blandar dei raudt og blått, gult og raudt, blått og gult - det blir vel fint, kan du tru! Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter under vegs.
149,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252183139
Anna R. Folkestad
Om forfattaren

Anna R. Folkestad

ANNA R. FOLKESTAD (f. 1983) er forfattar og illustratør. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And og har mellom anna skrive dei populære bøkene om Besta og Bo. Ho fekk tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris 2012 for boka Unni og Gunni reiser. Sidan har ho gitt ut ei rekkje barnebøker, bildebøker og Leseland-bøker på Samlaget. Folkestad er frå Stord.