Unni og Gunni gjer det fint

Barn og ungdom

Unni og Gunni gjer det fint

3–6 år
Unni og Gunni ser på kvarandre - Det er på ein måte litt tomt her, seier Unni. - Einig, seier Gunni. - Me gjer det fint! ropar Unni. Men ein treng litt utstyr for å gjere det fint. Og kva skal dei fylle heimen sin med? Unni og Gunni finn fram hammer og spiker og anna utstyr. Så hentar dei store ting, små ting, tunge, lette, firkanta og runde ting - og til slutt kviler dei. Så fin heim dei har fått! Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter under vegs.
149,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252183153
Anna R. Folkestad
Om forfattaren

Anna R. Folkestad

ANNA R. FOLKESTAD (f. 1983) er forfattar og illustratør. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And og har mellom anna skrive dei populære bøkene om Besta og Bo. Ho fekk tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris 2012 for boka Unni og Gunni reiser. Sidan har ho gitt ut ei rekkje barnebøker, bildebøker og Leseland-bøker på Samlaget. Folkestad er frå Stord.