InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Mari og Magnus hos bestemor

3–6 år
Ei koseleg forteljing om første gongen ein skal sove borte. Mari og Magnus skal overnatte heimafrå for første gong. Det er både skummelt og fint, men heldigvis er det bestemor og hunden dei skal overnatte hos! Denne fjerde og siste boka i den sjarmerande serien om søskena Mari og Magnus har alt eit vellykka bestemorbesøk skal ha: aking, bollebaking og trygge, gode bestemor når kvelden kjem med heimlengt ... Dei andre bøkene i serien: Mari og Magnus flyttar inn Mari og Magnus og smokketjuven Mari og Magnus får katt
249,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182507
Ruth Lillegraven
Om forfattaren

Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger der ho no er busett. Ho debuterte som forfattar i 2005 og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne. Lillegraven er mest kjend for diktsamlingane sine, men har òg skrive ein roman, eit skodespel og ein psykologisk thriller, i tillegg til biletbøkene om Mari og Magnus.

I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. For den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen. To år seinare kom barnediktsamlinga Skogen den grøne (2018), som blei nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok. Begge desse bøkene er illustrerte av Mari Kanstad Johnsen. Ruth Lillegraven har også skrive Klodeklubben, ein detektivserie for barn om klima og miljø, illustrert av Jens Kristensen. Klodeklubben er ein internasjonal suksess, og rettane er selde til Sverige, Danmark, Polen og Færøyane.