Under morelltreet
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Under morelltreet

9–12 år
Mor og far er ikkje berre glade for at Nora er så mykje saman med Liv den ville og opprørske jenta som trassar alt og alle. Men dei to jentene er bestevenner, og ingen skal nekte Nora å vere med Liv! Så ein dag er Liv borte frå skolen, og Nora får vite at ho har blitt alvorleg sjuk. Nora besøkjer henne på sjukehuset, og alvoret i situasjonen fører dei to jentene endå tettare saman.
200,00 kr
Sider
79
Utgivingsår
2001
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252158854
Linn T. Sunne
Om forfattaren

Linn T. Sunne

(f. 1971) debuterte som barnebokforfattar i 2000 med boka Stjernestøv, og har sidan skrive fleire bøker for barn og unge. Ho har vunne Skolebibliotekarforeningens litteraturpris og Brageprisen to gonger. Sunne er oppvaksen på Kongsberg og i Valldal på Sunnmøre. Ho er utdanna allmennlærar og har arbeidd i barne- og ungdomsskolen. Ho bur no på Dokka, og arbeider med litteraturformidling for barn og ungdom på bokbussen i Oppland.