Alt du kan ønske deg: roman

Barn og ungdom

Alt du kan ønske deg: roman

12–16 år
Alt du kan ønske deg: Siri kan berre ikkje la vere å møte Andreas som sender henne meldingar som får det til å krible i henne, sjølv om ho er kjærast med Jens. Har ein lov til å gjere det slutt med nokon som har det vanskeleg, sjølv om ein eigentleg vil? Dobbel brageprisvinnar Linn T. Sunne skriv lett og tett på om ung kjærleik og psykisk sjukdom.
299,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252183931
Linn T. Sunne
Om forfattaren

Linn T. Sunne

(f. 1971) debuterte som barnebokforfattar i 2000 med boka Stjernestøv, og har sidan skrive fleire bøker for barn og unge. Ho har vunne Skolebibliotekarforeningens litteraturpris og Brageprisen to gonger. Sunne er oppvaksen på Kongsberg og i Valldal på Sunnmøre. Ho er utdanna allmennlærar og har arbeidd i barne- og ungdomsskolen. Ho bur no på Dokka, og arbeider med litteraturformidling for barn og ungdom på bokbussen i Oppland.