Skjønnlitteratur

Tung tids tale: roman

«Man trenger ikke store bøker for å løfte fram store temaer. Olaug Nilssen tar pusten fra leseren med sin lille roman, «Tung tids tale».»
— VG
Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie. Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegheit. For mora begynner ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorgen og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødre skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept og kva er å gi opp? Tung tids tale er ein sterk historie om å vere foreldre til eit funksjonshemma barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng. Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med "Få meg på, for faen" i 2005. Boka braut tabuar knytt til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I boka og teaterstykket "Stort og stygt" tematiserer ho det å vere forelder for eit barn som ikkje er som dei andre for første gong. Med "Tung tids tale" bryt ho igjen tabuer, denne gong med ein uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn.
249,00 kr
Sider
155
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252196559
Meldingar

Sagt om boka

9 omtaler

««Tung tids tale» gjør det god litteratur skal gjøre. ... Nilssen skaper et forståelsesrom også mellom linjene. Vi skjønner mer enn ordene. Får kjenne på hvordan det er å være moren til Daniel. Denne evnen til å vekke empati er en av litteraturens viktigste oppgaver. Nilssen makter det på strålende vis.»

— Hamar Arbeiderblad

«Olaug Nilssens inderlighet, det presise språket og refleksjonene rundt det å være et individ, noe helt for seg selv, er dypt medrivende.»

— Dagbladet

«Olaug Nilssen har nok ein gong vist at ho er ei av Noregs skarpaste forfattarstemmer. Tung tids tale legg du ikkje frå deg upåverka.»

— Fædrelandsvennen

«Kaos-pilotar, tei still! Lytt heller til denne kaos-kosmonauten av ei småbarnsmor, som er både kvardagsheltinne, varslar, aktivist . og ein drivande god forteljar. ... ... ein raus og styrkande roman om kjærleik, samhald og von.»

— Bok365

«Olaug Nilssen er ein driven og klok forfattar, som samstundes har skrive ein roman med skjønnlitterære kvalitetar og teknisk utstyr, i alt frå allusjonar til oppbygging med stigande spenning, og ein politisk pamflett.»

— Stavanger Aftenblad

«Hjarteopnande vakkert og uendeleg sårt om å vere forelder til eit barn som er annleis.»

— Dagsavisen

«Tung tids tale er en dramatisk og sterk historie om det å være Olaug, mor til den autistiske gutten Daniel.»

— Klassekampen

«Tung tids tale er eit rørande brev til ein elska son, ein fortvila rapport frå ein utmattande kvardag og eit verknadsfullt kampskrift mot diagnosesamfunn og rigid byråkrati. ... Tung tids tale er ei både rå og nyansert, kamplysten og sorgtung historie om kjærleik som krev alt ein har å gi.»

— Frå grunngjevinga til Brageprisen 2017

«Romanen er som eit skrik: rå, sår og sterk. Det er lyden av ei kvinne i kamp, ei som alt har kjempa lenge og ikkje gitt seg.»

— Dag og Tid

Olaug Nilssen
Om forfattaren

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2019 gav ho ut det satiriske lesestykket Ikkje tenk på det, om stoda i norsk bokbransje, og same året fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin. I 2021 fekk ho Fritt Ords pris i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue.

Fleire foto av Eivind Senneset:
(Trykk på bileta for å laste ned i høg kvalitet)