Tonje Glimmerdal

Barn og ungdom

Tonje Glimmerdal

9–12 år
Tonje Glimmerdal er einaste barnet i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett på lenge. Bestevennen til Tonje er biske Gunnvald på 74 år, og dei to kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei eigentleg det? Ein dag finn Tonje ut at Gunnvald har halde noko stort hemmeleg. Medan våren kjempar med snøen og får fjella til å glitre og elva til å buldre, kjempar Glimmerdalens vesle dunder for å berge lykka og feletonane for verdas beste bestevenn, godt hjelpt av mottoet: Fart og sjølvtillit! «Ei herleg boblande bok, fylt av fart og sjølvtillit... Ein bør unne ungane sine eit besøk i Glimmerdalen!»
249,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185843
Maria Parr
Om forfattaren

Maria Parr

Maria Parr (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 mottok ho også Sult-prisen. I 2023 fekk ho og illustratør Åshild Irgens Brageprisen og vart nominerte til Nordisk råds barnelitteraturpris for Oskar og eg. Parr har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor.

Foto: Sara Sanderud

Foto av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens. Foto av Sara Sanderud:

Fleire foto av Julia Marie Naglestad: