InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Tankespinn

3–6 år
Vakker og klok bok om det som rører seg i hovudet vårt av fantasi og tenkte katastrofar. Med fantasien tek Ada både seg sjølv og bestevennen Rolf lett opp i verdsrommet. Rolf blir alltid med Ada på det flygande teppet hennar og i kastanjeraketten. Men då den nye jenta kjem inn i gata med ein trampoline, vil heller Rolf ned og få fart og spenning på ekte. Tankane til Ada slår knute og blir tunge som store steinar. Med Tankespinn har Kari Stai skrive og illustrert ei forteljing om alle dei tankane som kan krølle seg som spagetti inni eit lite hovud, og kva som kan skje når ein tenkjer utan å dele tankane sine med nokon.
329,00 kr
Sider
51
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252194326
Kari Stai
Om forfattaren

Kari Stai

Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør. Ho har vunne ei rekke prisar, som Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris. Aller mest kjend er Stai for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater. I 2021 kom ho også med sin første illustrerte roman for barn, Passe happy, som vann Kulturdepartementets illustrasjonspris. I 2022 kom Jakob og Neikob og tidsmaskinen, den aller siste boka om det kjende radarparet.

Sjå alle bøker av Kari Stai →