Ta først på di eiga maske: roman

Skjønnlitteratur

Ta først på di eiga maske: roman

Med Chile i hjartet. Romanen følger Rut på reise til Chile i 2017. Endeleg skal ho bli kjent med landet til ungdomskjærasten Luis, som kom til Noreg som flyktning frå militærdiktaturet i Chile i 1980-åra. Samtidig tar minna henne med tilbake i tid, på ei reise gjennom skjelsettande hendingar i chilensk samtidshistorie og til åra dei to hadde saman. Til då det berre var dei to, Rut og Luis, og ho ikkje såg kva politikk hadde med kjærleiken å gjere. Medan Rut prøver å forstå korfor det gjekk som det gjekk, både med Chile og kjærasten, kjem opplevingar frå hennar eigen barndom nærare enn på lenge. Ho hugsar saknet etter ei mor som ikkje evna å vere til stades. Undervegs kjenner ho også ei uro for Rakel, den unge dottera heime, som sender så knappe tekstmeldingar.
329,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234001246
marit o kaldhol
Om forfattaren

marit o kaldhol

marit o kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Kaldhol er utdanna lærar og har undervist i grunnskolen og vidaregåande skole. Forfattarskapen hennar er rik og variert, og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne.

Ho debuterte med diktsamlinga Lattermilde laken i 1983 og har fått fleire internasjonale barneprisar for biletboka Farvel, Rune (1986). Boka er blitt ein klassikar innanfor biletboksjangaren, og er omsett til tolv språk og m.a. utgitt i Japan, USA og Canada. Dette gjer ho til den norske biletboka som har fått aller størst internasjonal merksemd.

kaldhol ga i 2006 ut den poetiske romanen Blondene gir seg ikkje, der barndomsskildringar og hendingar og draumar frå vaksenlivet blir fletta saman til eit portrett av ei kvinne som vil finne måtar å leve vidare på. Same år kom Kino, ei samling noveller for ungdom som Kaldhol fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. I 2010 kom ein ny ungdomsroman: søkeord: ayotzintli, som forfattaren igjen fekk Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. marit o kaldhol fekk Samlagsprisen i 2001.