Farvel, Rune
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Farvel, Rune

Ein klassikar blant nyare norske biletbøker, ei bok som aldri blir uaktuell og alltid er etterspurd - men faktisk har vore utseld ei tid. Vesle Sara leikar ved dammen saman med jamaldringen Rune. Rune druknar, og hovudtemaet i boka er det Sara opplever kring dette, sorga hennar, spørsmåla ho stiller om døden, og korleis ho klarer å leve vidare. Boka er eit ypparleg utgangspunkt for samtale med barn om død og sorg. Sidan boka kom ut første gong i 1986 er ho blitt kjend og kjær i ei rekkje land, og har har fått prestisjetunge internasjonale prisar.
329,00 kr
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252126860
marit o kaldhol
Om forfattaren

marit o kaldhol

marit o kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Kaldhol er utdanna lærar og har undervist i grunnskolen og vidaregåande skole. Forfattarskapen hennar er rik og variert, og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne.

Ho debuterte med diktsamlinga Lattermilde laken i 1983 og har fått fleire internasjonale barneprisar for biletboka Farvel, Rune (1986). Boka er blitt ein klassikar innanfor biletboksjangaren, og er omsett til tolv språk og m.a. utgitt i Japan, USA og Canada. Dette gjer ho til den norske biletboka som har fått aller størst internasjonal merksemd.

kaldhol ga i 2006 ut den poetiske romanen Blondene gir seg ikkje, der barndomsskildringar og hendingar og draumar frå vaksenlivet blir fletta saman til eit portrett av ei kvinne som vil finne måtar å leve vidare på. Same år kom Kino, ei samling noveller for ungdom som Kaldhol fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. I 2010 kom ein ny ungdomsroman: søkeord: ayotzintli, som forfattaren igjen fekk Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. marit o kaldhol fekk Samlagsprisen i 2001.