InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Ta 100 steg og få ein venn: 14 forteljingar

9–12 år
Fine forteljingar om det å møte kvarandre Brage møter ei jente i djupet. Trond møter munnen til Maja-Mari. Mens Hanna møter Håvard utan å sjå han! Når to møter kvarandre, begynner ting å skje. Her er 14 forteljingar om nett det. Fleire av forteljingane er korte, andre er litt lengre. Men alle handlar om kor fint det er å få ein venn. Ta 100 steg og få ein venn er illustrert av Torill Stranger.
329,00 kr
Sider
102
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252188776
Erna Osland
Om forfattaren

Erna Osland

(f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger i Sogn. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har arbeidd som lærar både i ungdomsskole og vidaregåande skole. Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009). Erna Osland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris for Salamanderryttaren (1999), Nynorsk barnelitteraturpris for Matti og den store stjernepassaren (1995) og Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Ivar Aasen: ei historie om kjærleik (1996) og Skarpe tenner (2005). Osland er no busett i Byrknesøy i Sogn.