Syn og segn. Hefte 2-2022: tidsskrift for kultur, samfunn & politikk
Ljuba Jakimtsjuk (Lyuba Yakimchuk) er elles eit namn å følgje med på. I USA har ho gjort suksess med diktsamlinga Apricots of the Donbas (University of Washington Press 2021 ). I april las Jakimtsjuk eigne dikt under Grammy-utdelinga.
I artikkelen På sporet av Vladimir Putins verdsbilete skriv Russlandskjennar Kåre Johan Mjør om korleis Vladimir Putin brukar historia instrumentelt for å rettferdiggjere eigne geopolitiske ambisjonar.
Ingunn Lunde, som er professor i russisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen, gjer eit djupdykk i forfattarskapen til Guzel Jakhina og Sergej Lebedev. Ho fortel også om kvifor russiske samtidsforfattarar aldri slepp unna fortida.
Den belarussiske demokratiforkjemparen Darya Shut voks opp med ein far som var politisk dissident. I Syn og Segn fortel ho om vegen frå å skamme seg over sin eigen familie, slik ho gjorde då ho var barn, til å bli ein av dei aller mest aktive i det belarussiske eksilmiljøet i Noreg.
Syn og Segn kastar seg også inn i 125-årsfeiringa av Tarjei Vesaas. Nordiskprofessor Benedikt Jager fortel historia om korleis Vesaas endeleg slo gjennom i Tyskland, vel femti år etter første forsøk.
Journalisten Eva Marie Bulai skriv om verdien av tillit og gjer eit djupdykk i rumensk politisk kultur.
Syn og Segn 2-2022 har også ei ny diktspalte redigert av poeten Martin Ingebrigtsen. Første poet ut er Kaisa Aglen. Karl Egil Johansen analyserer fråhaldsrørsla sin veg frå å vere den sterkaste folkerørsla i Noreg til å bli marginalisert. Journalisten Per Emil Skjelbred skriv om den tyske politikaren Sarah Wagenknecht og hennar retoriske felttog mot den liberale venstresida. Vi trykker også intervju med forfattaren Erika Fatland, Øyvind Nordsletten, som er tidlegare norsk.
Astrid Sverresdotter Dypvik
Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er journalist og historikar. Ho er redaktør i Syn og Segn og har tidlegare arbeidd i Nationen, Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. Dypvik har gitt ut bøkene Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land (2012) og Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen (2017).
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO