Syn og segn. Hefte 1-2024: tidsskrift for kultur, samfunn & politikk

Magasin / blader

Syn og segn. Hefte 1-2024: tidsskrift for kultur, samfunn & politikk

I årets første Syn og Segn skriv dei Trondheimsbaserte poetane Rune F. Hjemås og Matthias R. Samuelsen om korleis polariserte konfliktar om rasisme, identitet og geopolitikk speler seg ut i amerikansk samtidspoesi. Dei siste åra har Hjemås og Samuelsen gjort eit djupdykk i amerikansk litteratur. I vår gir dei ut antologien Ny amerikansk poesi 2, der dei presenterer eit knippe av USAs fremste samtidspoetar. Denne utgåva av Syn og Segn inneheld også nyomsette dikt av Solmaz Sharif og Orlando White og eit essay av poeten Mary Ruefle, som fekk strålande kritikkar for diktsamlinga Fjomp då ho kom på norsk i fjor.
129,00 kr
Sider
98
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234013256
Astrid Sverresdotter Dypvik
Om forfattaren

Astrid Sverresdotter Dypvik

Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er journalist og historikar. Ho er redaktør i Syn og Segn og har tidlegare arbeidd i Nationen, Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. Dypvik har gitt ut bøkene Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land (2012) og Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen (2017).