Syn og segn. Hefte 1-2023: tidsskrift for kultur, samfunn & politikk

Magasin / blader

Syn og segn. Hefte 1-2023: tidsskrift for kultur, samfunn & politikk

Hovudtemaet denne gongen er nye perspektiv på tryggleik og tryggingspolitikk. Amund Trellevik skildrar korleis det norsk-russiske samarbeidet i Nord har forvitra som følgje av angrepskrigen mot Ukraina, poeten Julia Musakovska frå Lviv i Ukraina fortel om korleis det er å leve så tett på krigen, Øyvind Nordsletten som tidlegare var Noregs ambassadør til Russland skriv om diplomati, politisk realisme og fredsarbeid og Mass Soldal Lund skriv om tryggingspolitikk og digital politikk.
129,00 kr
Sider
98
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234011207
Astrid Sverresdotter Dypvik
Om forfattaren

Astrid Sverresdotter Dypvik

Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er journalist og historikar. Ho er redaktør i Syn og Segn og har tidlegare arbeidd i Nationen, Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. Dypvik har gitt ut bøkene Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land (2012) og Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen (2017).