Symra
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Symra

Norsk klassikar som nydeleg gåvebok

Symra er vårblomen som varslar sommar. Diktsamlinga Symra, som Ivar Aasen gav ut anonymt i 1863, bar òg bod om ein nasjonal sommar i åndslivet og ein ny litteratur i den språkforma Aasen skapte, nynorsken. Symra er ei klassisk bok i norsk litteratur. Symra handlar om landet, historia, tradisjonen, årstidene og menneskelivet. Her er dikt om naturen, arbeid, kjærleik, klokskap, sanning, tilgjersle, tru og von. Dikta skulle syngjast, og mange var dikta til kjende tonar. Den mest kjende songen i Symra er «Nordmannen», ein av dei få songane nordmenn flest kan utanboks, og av mange rekna som vår eigentlege nasjonalsong. I høve 150-års jubileet for 1875-utgåva gir Samlaget no ut Symra som nydeleg gåvebok, utstyrt med eit forord av Runar Gudnason frå Side Brok.

429,00 kr
Sider
74
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234015298
Ivar Aasen
Om forfattaren

Ivar Aasen

IVAR AASEN (f.1813) var ein norsk språkforskar og diktar. Han samla inn og systematiserte dialektar og skapte det han kalla landsmålet, og la såleis grunnlaget for det moderne nynorske skriftspråket.

 

Les om Ivar Aasens liv og verk på den offisielle nettstaden hans hos Ivar Aasen-tunet!