Svarte-Mathilda III

Barn og ungdom

Svarte-Mathilda III

12–16 år
Siste boka i lesarane sin favorittgrøssarserie - no i pocket! Elisabeth og Gry dreg til Venezia for å fi nne ut kva som skjedde med bibliotekaren Viggo. Kva var han på sporet av då han døydde? Lesaren blir også teken med til Venezia på 1500-talet, der Gallo-brørne går i gang med spegelproduksjon. Dei blir både offer og reiskap for dei demoniske kreftene som seinare skal heimsøkje Hardanger på 1800- talet og Bergen i notida. Her får lesarane som har følgt Svarte- Mathilda frå spegel til spegel, endeleg vite den grufulle byrjinga på historia. Eller går ho kanskje endå lenger bakover i tid? Den tredje boka om Svarte-Mathilda er mørkare og skumlare enn dei to første, som har blitt lesarfavorittar og nominerte til Uprisen.
249,00 kr
Sider
187
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252192841
Tor Arve Røssland
Om forfattaren

Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland (f. 1971) skriv bøker for barn og unge, og er kanskje mest kjent for grøssarserien for ungdom, Svarte-Mathilda. Svarte Mathilda (2010) vart nominert til Uprisen. Svarte-Mathilda II kom i 2012 og Svarte-Mathilda III i 2013. Røssland voks opp på Husnes i Kvinnherad, og er no busett på Halhjem i Os, Hordaland.

Han er utdanna ved Universitetet i Trondheim, med faga filmvitskap hovudfag, litteraturvitskap mellomfag og mediepedagogikk.