Absolutt Pode

Barn og ungdom

Absolutt Pode

6–9 år
Samleutgåve med dei populære Pode-bøkene. Tor Arve Røsslands bøker om Pode er moderne barnebokklassikarar som har blitt svært populære. No kjem dei i ei flott samleutgåve i høve Røsslands 20-årsjubileum som forfattar. Her får du dei fire første Pode-bøkene: «Pode, Pode mister fotfestet», «Pode får snue» og «Anti- Pode». I tillegg inneheld samleutgåva to nye Pode-forteljingar illustrert av Øyvind Torseter. Bøkene om Pode er underfundige og morosame og var med på å etablere Røssland som ein populær barnebokforfattar. I «Pode» må seksåringen Pode og familien ete opp middagen sin for at det skal bli fint vêr dagen etterpå. I «Podekast» risikerer Pode livet når turistsjefen vil underhalde gjestene. I «Pode mister fotfestet» finn vi ut kva som skjer når ein mister alle dei fire framtennene samstundes. I «Anti-Pode», skal Pode feire jul. Faren skal bake femti sortar julekaker, og mora skal syngje femti julesongar. Men Pode, han har det ikkje bra i det heile. I «Pode får snue» får Pode høysnue. I tillegg er nokon ute etter han. I «Da Vinci-poden» får Pode uventa hjelp når han er i nød på eit kunstmuseum.
299,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234002083
Tor Arve Røssland
Om forfattaren

Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland (f. 1971) skriv bøker for barn og unge, og er kanskje mest kjent for grøssarserien for ungdom, Svarte-Mathilda. Svarte Mathilda (2010) vart nominert til Uprisen. Svarte-Mathilda II kom i 2012 og Svarte-Mathilda III i 2013. Røssland voks opp på Husnes i Kvinnherad, og er no busett på Halhjem i Os, Hordaland.

Han er utdanna ved Universitetet i Trondheim, med faga filmvitskap hovudfag, litteraturvitskap mellomfag og mediepedagogikk.