Svarte-Mathilda

Barn og ungdom

Svarte-Mathilda

12–16 år
Ei ung jente blir funnen knivdrepen i heimen sin. Mordet blir aldri oppklart. Leilegheita som var åstaden for mordet, står tom i 20 år. Når Elisabeth flyttar inn, tek det ikkje lange tida før ho ser ting mora ikkje ser, og høyrer kviskring mora ikkje høyrer. Elisabeth begynner å grave i historia til drapet, med god hjelp av den nye klassekameraten Philip og bibliotekaren Viggo. Dei kjem over legenda om den demoniske Svarte-Mathilda, som gøymer seg i ein spegel, og som kjem dersom du kallar på henne. Philip trur ikkje på denne historia, og han overtaler Elisabeth til å vere med på å prøve det ut ? Frå 11 år.
249,00 kr
Utgivingsår
2013
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252184495
Tor Arve Røssland
Om forfattaren

Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland (f. 1971) skriv bøker for barn og unge, og er kanskje mest kjent for grøssarserien for ungdom, Svarte-Mathilda. Svarte Mathilda (2010) vart nominert til Uprisen. Svarte-Mathilda II kom i 2012 og Svarte-Mathilda III i 2013. Røssland voks opp på Husnes i Kvinnherad, og er no busett på Halhjem i Os, Hordaland.

Han er utdanna ved Universitetet i Trondheim, med faga filmvitskap hovudfag, litteraturvitskap mellomfag og mediepedagogikk.