Storebror
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Storebror

6–9 år
Draumen om ein storebror. «Eg vil ha ein storebror! Kvifor har eg berre teite Elida?» Dette er ei bok om å ønskje seg ein storebror. For tenk så fint det hadde vore å ha nokon som passa på når du tek skulebussen, og som alltid tek deg med på fotballtrening. Men er alle storebrør slik? Og kva med dei som berre har ei irriterande veslesøster? «Storebror» er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
299,00 kr
Sider
33
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252198843
Maria Parr
Om forfattaren

Maria Parr

Maria Parr (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 mottok ho også Sult-prisen. I 2023 fekk ho og illustratør Åshild Irgens Brageprisen og vart nominerte til Nordisk råds barnelitteraturpris for Oskar og eg. Parr har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor.

Foto: Sara Sanderud

Foto av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens. Foto av Sara Sanderud:

Fleire foto av Julia Marie Naglestad: