InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Stor

3–6 år
Tankeleik for små, store drøymarar Åh, berre eg blir stor nok, skal eg køyre bil, drikke masse brus og kjøpe akkurat kva eg vil i butikken! Slik drøymer storesøstera i biletboka Stor. For korleis er det eigentleg å vere vaksen? Berre ho hadde vore stor, skulle ho gjort akkurat som ho ville. Det skulle vore laurdag kvar dag, og ho skulle ha ete hundre pannekaker til middag. Minst! Ei historie om kva det vil seie å vere stor, liten og akkurat passe seg sjølv. Tankeleiken blir løfta av rike, myldrande og fargesterke illustrasjonar med massevis av detaljar å dikte seg vidare inn i.
329,00 kr
Sider
33
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234007767
Martine Grande
Om forfattaren

Martine Grande

Martine Grande (f. 1985) er forfattar, illustratør og animatør. Ho har laga ei rekke lettlesbøker og biletbøker på Samlaget.