Stjernestøv
Innbunden

Stjernestøv

Kia går i 3. klasse og kjedar seg. Det skjer aldri noko, synest ho. Mamma er oppteken med småbrørne hennar heile tida, og pappa jobbar på boreplattform og er lite heime. Kunne berre Tore sjå henne! Kia er stormande forelska i Tore, men han verkar heilt uinteressert. Kva skal ein finne på då? Så får Kia vite av ein mystisk mann at "stjernestøv hjelper". Men - kva er stjernestøv? Frå 7 år.

349,00 kr
Linn T. Sunne
Om forfattaren

Linn T. Sunne

(f. 1971) debuterte som barnebokforfattar i 2000 med boka Stjernestøv, og har sidan skrive fleire bøker for barn og unge. Ho har vunne Skolebibliotekarforeningens litteraturpris og Brageprisen to gonger. Sunne er oppvaksen på Kongsberg og i Valldal på Sunnmøre. Ho er utdanna allmennlærar og har arbeidd i barne- og ungdomsskolen. Ho bur no på Dokka, og arbeider med litteraturformidling for barn og ungdom på bokbussen i Oppland.