InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Stella seier sanninga (stort sett): roman

9–12 år
Det er snart jul, men Stella gruer seg. For både bestevenninna Rania og naboen Hillevi skal reise bort i ferien. Kven skal ho og mora feire saman med då? Når Stella får tenkt seg om, skjøner ho at to er for lite, dei må vera fleire. Og er ikkje eigentleg leilegheita deira stor nok til ein til?

Utan at mora får vita det, begynner Stella å leite etter ein leigebuar. Det skal vise seg å vera lettare sagt enn gjort, for det er visst berre raringar som finst i denne byen. Når tankane tårnar seg opp i Stella, skriv ho dei ned på lappar i ei bok ho finn på biblioteket. Men kven er det som plutseleg begynner å svara ho?

Stella seier sanninga (stort sett) er oppfølgjaren til den Kritikarpris-nominerte Stella står i det. Boka er illustrert av fabelaktige Oda Valle.
329,00 kr
Sider
235
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234017520
Helene Guåker
Om forfattaren

Helene Guåker

(f. 1983) er frå Nes i Ringsaker. Ho har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne i ulike sjangrar. I 2017 blei ho nominert til Brageprisen for ungdomsromanen Sveiseblink, og i 2020 blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen for ungdomsromanen Høgspenning livsfare. Den førre boka hennar, Stella står i det (2025), blei nominert til Kritikarprisen. Stella seier sanninga (stort sett) (2026) er den siste boka hennar.

Foto: Sara Sanderud