Barn og ungdom

Stella står i det: roman

9–12 år
«Stella står i det er ei bok som vil seie noko om kva som er det viktigaste i livet. Og det er ikkje pengar, men heller venskap, kjærleik og omsorg. No er det ikkje alle ungar som har ei så positiv og oppegåande mor so...»
— Barnebokkritikk
Nominert til Kritikarprisen 2025!

Stella er fornøgd med livet. Ho bur saman med mora i verdas beste blokk, og to dører bortanfor bur bestevenninna Rania. Dei har ikkje så mykje pengar, for mora til Stella kan ikkje jobbe, men Stella synest likevel ho har alt ho treng. Heilt til mora ein dag inviterer heile klassen heim på bursdagsfeiring. Det vil ikkje Stella, for kva om mora serverer mat ho har funne på søppeldykking? Kva om Sofie og Ida ler av den vesle leilegheita deira? Og verst av alt, kva om mora får migreneanfall rett før og ikkje kan arrangere bursdag i det heile tatt? Her må det ein backup-plan til! Saman med Rania førebur Stella ein plan-B-bursdag. 

Stella står i det er ei varm, humoristisk og sår bok om å vekse opp utan så mykje pengar, om fellesskap og om å stå opp for seg sjølv.

199,00 kr
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234015861
Helene Guåker
Om forfattaren

Helene Guåker

(f. 1983) er frå Nes i Ringsaker. Ho har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne i ulike sjangrar. I 2017 blei ho nominert til Brageprisen for ungdomsromanen Sveiseblink, og i 2020 blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen for ungdomsromanen Høgspenning livsfare. Den førre boka hennar, Stella står i det (2025), blei nominert til Kritikarprisen. Stella seier sanninga (stort sett) (2026) er den siste boka hennar.

Foto: Sara Sanderud